Reportasje

«Du har løyet for oss, Cleng»

Jo, eg òg vart skuffa då eg kom til Ontariosjøen, men det kan ikkje samanliknast med det dei fyrste utvandrarane følte i 1825. Dei var botnlaust fortvila.

Altså, Niagara Falls var ikkje heilt slik eg hadde sett for meg. Eg trudde fossen låg i ein nasjonalpark, men han ligg forsyne meg midt inne i ein by. Eller to byar. På motsett side ser vi den canadiske bydelen.
Publisert Sist oppdatert

«På laurdag, etter det vi erfarer, passerte dei norske utvandrarane – som nyleg kom til New York i ei lita skute – gjennom denne byen på veg mot reisemålet sitt. Dei verkar nøgde med det dei har sett i dette landet, om vi kan dømme etter det gode lynnet som prega ansikta deira. Måtte dei ha lukke med strevet sitt i denne fristaden for dei undertrykte.»

Albany Patriot, måndag 24. oktober 1825

Når eg vaknar av alarmen klokka sju på motellet Comfort Inn Glenmont – Albany South, er eg forbausande utkvilt. Klokka er vel rundt tolv heime i Noreg, så slik sett har eg sove lenge. Men gårsdagen vart ugudeleg lang, og sidan tidsforskjellen er fem timar, frykta eg at jetlagen skulle slå inn med sleggekraft, men nei, eg er klokkeklar for ein ny dag.

Eg dreg ut øyreproppane og høyrer den jamne duren frå luftkondisjoneringsanlegget, eg fekk ikkje slått det av. Vindauget står ope, det er sporvekvitring og svalekvin, men i botnen buldrar tungtrafikken. Motellet ligg på ei langstrekt øy mellom to motorvegar. Av suset høyrest det ut som det er regn på vegane. Eg går til vindauget og ser ut på den tomme parkeringsplassen. Jepp. Bakom flugenettingen plaskar regnet ned i dag òg.

Det var som utgjort.

Eg sjekkar vêrmeldinga. Det skal letne utpå ettermiddagen, ved Ontariosjøen vert det sol. Så sjekkar eg kor langt vi er frå Hudson River, og ho ligg berre fire–fem minutt unna i bil. Endeleg skal eg få sjå elva der sluppefolket kom sigande opp med dampbåten «William Penn» 21. oktober 1825.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement