Næringsliv
MYKEN: For ti år sidan, på ei forblåst øy vest for Helgeland, fylte ein vennegjeng to fat med heimelaga whisky – for å redde øysamfunnet.
Det er sjeldan vindstille på Myken, som har fleire hus enn fastbuande. Vegen er 700 meter lang og asfaltert, men bilfri.
Foto: Marita Liabø
Myken var eit livleg fiskevær. På 1940-talet var det rundt 150 innbyggarar her, før det gjekk sakte nedover. I 1981 blei øysamfunnet råka av ein tragedie: Ein fiskebåt forliste, og sju menn døydde. Og i 1986 brann fiskebruket ned. Då var det nok. Folk flytta. Det blei ei sommarøy.
Hit kom Roar Larsen, kona Trude Tokle og dei fire ungane deira seglande frå Trondheim i 2008. Dei skulle eigentleg til Italia, men båten ville berre nordover, fortel Larsen. Denne sommaren sikta dei mot Lofoten. Og som eit siste stopp før Vestfjorden valde dei Myken.
– Vi hadde aldri høyrt om øya. Det var ein flekk på kartet, seier Larsen, som ikkje er på Myken no, men på veg til Oslo med tog for å lansere ein Myken-whisky mange har venta på: First 10 Years.
Det er vilt: Ein norsk single malt har blitt ti år – og god nok til å slå an i verda.
Som Larsen seier: At ein whisky er eksotisk, er ikkje nok.
Sabbatsåret
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.