Reportasje
Bilmekanikar med mindre mekanikk
FØRDE: Skruen sit kanskje ikkje slik han sat før, men han må framleis skruast.
Batterikraft hjelper Freider Olav Nyheim med å få skruane på plass.
Foto: Siri Helle
Det fyrste serviceteknikar Ole Bernt Holme gjer når han får ein bil inn på verkstaden, er truleg å kople han til ei datamaskin.
På førarsida i framsetet, ein stad mellom dashbord og pedalar, sit tilgangen til det aller heilagaste i bilen. Diagnoseuttaket er ein kontakt som liknar den gamle scart-inngangen på projektorar. Han er inngangen. Utgangen heng ned frå taket: ein leidning lik den du har i modemet ditt heime. Fyrst når desse to er i kontakt med kvarandre, kan bilen og mekanikaren byrje å snakke saman.
Men dette er ikkje heilt sant. Ein del bilar, og ein del oppgåver, kan feilsøkast heilt trådlaust med enten blåtann eller wifi så lenge ein gjer dei rette trykka på nøklane. Men du skjønnar kor vi vil: Om bilen din er elektrisk eller fossil, om ha må ha bensin eller diesel, så har han programvare. Han er styrt av og registrerer både godt og vondt i ei datamaskin. Mykje av det som ein gong var mekanikk, er no elektronikk.
Ole Bernt Holme har sett dette skje – ja, han har kjent det i hendene. Han byrja å jobbe hjå bilforhandlar- og bilverkstadbedrifta Frydenbø som lærling i 1998.
– Det er vel ikkje så mykje av det eg lærte og gjorde då, som er relevant lenger i dag, nei, innrømmer han.
– Men det må no framleis skruast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.