Musikk
RAF i hundre
Royal Air Forces musikkorps spelar Spitfire-preludium og F-35-marsj.

I år feirar britiske Royal Air Force (RAF) hundreårsjubileum. Forhistoria deira går attende til 1912, då Royal Flying Corps blei organisert som våpenart i den britiske hæren, og til 1914, då den britiske marinen danna Royal Naval Air Service. Men det var fyrst i 1918 RAF blei organisert som eiga forsvarsgrein, som verdas fyrste sjølvstendige luftstyrke jamstilt med hær og marine. I høve hundreårsjubileet kjem RAFs tre fremste musikkorps no med ein dobbel-CD som er rik på avvekslingar, med alt frå tradisjonelle marsjar til storbandmusikk og storfelt filmmusikk.
F-35 Lightning II
Eit av dei nyaste verka er engelske Andrew Pearces (fødd 1975) F-35 Lightning II, som er komponert til ære for den nye angloamerikanske jagarflytypen Noreg òg har gått til innkjøp av. Heilt medriven blir eg ikkje av stykket, det kling nemleg glatt og affektert som amerikansk filmmusikk – iøyrefallande melodiar finst ikkje, komponisten spelar berre på stemningar. Meir tak er det i engelske William Waltons (1902–1997) Spitfire Prelude, som startar med ein kraftig fanfare av messingblåsarane, held fram med eit dempa, lyrisk parti med klår tematikk og når klimaks der det tematiske materialet frå byrjinga og midtdelen blir kombinerte mot slutten.
Erkeengelsk
Som komponist var William Walton både kunstnarleg innfallsrik og ein suveren handverkar. Høgdepunktet på dobbelalbumet er utan tvil filmmusikken han skreiv til den engelske storfilmen Battle of Britain (1969), som her er omarbeidd til eitt samanhengande stykke: Battle of Britain Suite. Stilen er erkeengelsk og minner mykje om den som den meir kjende komponistkollegaen hans, Benjamin Britten, nyttar i operaen Peter Grimes (1945).
Nivået på dei tre RAF-musikkorpsa som spelar, er i toppklasse. Spesielt imponerande er måten dei spelar dei stille partia på, mjukt og lett som lyden av strykeorkester.