Tidtrøyte
Quiz
Korleis ser eigentleg ein grevling ut?

1. Kven manglar i denne aktuelle rekkja, som det mest oppsiktsvekkjande namnet: Aas-Hansen, Aasland, Aukrust, Sandtrøen, Sandvik, Stenseng, (…), Vågslid?
2. Kva er avstanden ved straffekast i handball?
3. Peloponneskrigen varte frå 431 til 404 før Kristus. Kva bystat vann (saman med allierte) og tok over hegemoniet i Hellas?
4. Ein telemarking kan kalle mannen og kvinna i huset for sjaven og sjova. Kven er kva?
5. Kva kjent synonym på fire bokstavar har me for abscess? Ein slik kan oppstå i dei fleste organ.
6. Kva allsidig nynorsk forfattar kan skilte med at gata han bur i, er oppkalla etter han? Gata ligg i heimkommunen Sveio, der han vart fødd i 1940.
7. Kva norrøn gudinne deler namn med ei stor øy i Trøndelag og ei mindre øy ved Bremangerlandet?
8. Kva for to etterfølgjande dagar er høvesvis den siste i fastetida og den første i påsketida?
9. Kva for eit selskap utgjer «dei fire store» i revisjonsbransjen saman med Deloitte, PwC og KPMG? Namnet er etter to selskap som fusjonerte i 1989.
10. Draft er eit eldre ord for kva slags kart?
11. Madonna gav ut debutalbumet Madonna i juli og fylte 25 år i august. Kva var året? Andrealbumet Like a Virgin kom året etter.
12. Kva for striper omgjev auga til grevlingen: dei kvite eller dei svarte?
13. Kva skaptype frå mellomalderen skal me fram til her? Han har gjerne hyller oppe, skjenkeplate i midten, dører og/eller skuffer nede. Førsteleddet handlar om oppbevaring. Sisteleddet kan høyrast ut som eit anna møbel, men tyder ramme eller stativ.
14. I kva filmserie (2001, 2004, 2016 og 2025) speler Renée Zellweger tittelrolla?
15. Kva vindrue dominerer i Toscana? Ho er sentral i mang ein raudvin, til dømes chianti.
16. Spinnemaskinar under den industrielle revolusjonen var inspirerte av noko som engelske John Kay patenterte i 1733. Fullfør namnet på oppfinninga: «flygande …».
17. Kva kallar me ein person frå Elfenbeinskysten?
18. Kven av dei tre store komponistane i wienerklassisismen var skjemtsam og lite sjølvhøgtideleg? Dette pregar musikken hans òg. Til dømes strykekvartetten med tilnamnet «Spøken».
19. Kva by vart 4. februar råka av «den värsta masskjutningen i svensk historia»? Orda tilhøyrer statsminister Ulf Kristersson.
20. Indonesia erklærte seg sjølvstendig i 1945 frå kva for eit land?
21. Det tiande feltet på Monopol-brettet husar kva slags institusjon? Med tida vert det lønsamt for spelarane å opphalde seg her.
0–4 rette: Tapte hegemoniet
5–9 rette: På god veg mot sjølvstende
10–14 rette: Skjemtsam og lite sjølvhøgtideleg
15–19 rette: Eit oppsiktsvekkjande resultat
20–21 rette: Bur snart i ei gate oppkalla etter deg sjølv