Tidtrøyte

 Quiz veke 5

Publisert Sist oppdatert
Loading...

1. Våpenkvila i Gaza 19. januar vart mekla fram av Egypt, USA og kva tredje land? Kunngjeringa kom frå statsminister Mohammed bin Abdulrahman bin Jassim al-Thani. 

2. Kva slags bokstavar er den eldste kjende skrifttypen i Noreg? 

3. Insekt har tre typar utvikling. Har sommarfuglar ametabol, hemimetabol eller holometabol utvikling

4. Kva for eit dåverande kronprinsbarn starta etter heimkomsten i 1945 i klasse 3A på Smestad skole i Oslo? 

5. Kvar på kysten av Grønland ligg hovudstaden Nuuk? Svar med ei av dei åtte himmelretningane. 

6. Kven av katolikkar, ortodokse og protestantar brenn stort sett ikkje røykjelse? 

7. Kva heiter den japanske matretten eller teknikken som er å dyppe til dømes sjømat i røre og frityrsteikje det? 

8. Kva er telefonnummeret til næraste lækjevakt? Svaret er to etterfølgjande heiltal, slik som 504 505. 

9. Ordet trenchcoat – skyttargravsfrakk – minner om at plagget vart nytta i kva krig? Opphavet er likevel eldre.

10. Kva er Håvard Bøkkos beste samanlagtplassering i allround-VM? Han fekk dette fire gonger. 

11. Kven vart fødd i Duluth i Minnesota i 1941 som Robert Allen Zimmerman? 

12. Kva heiter den typen ordning som Russland hadde heilt til 1861, då Aleksander 2. oppheva henne? Landet hadde innført ho på 1500-talet, som òg var ganske seint. Ordninga er nær knytt til føydalismen og kom aldri til Noreg. 

13. I kva TV-serie er Jennifer Melfi, spelt av Lorraine Bracco, sentral? Ho er psykiateren til hovudpersonen. 

14. Håkon Bleken nytta fleire teknikkar som biletkunstnar. Kva slags verk er «Fragmenter av et diktatur», som han slo gjennom med i 1971?

15. Kva for eit kort kan utgjere pokerhanda royal straight flush saman med spar 10, spar knekt, spar dame og spar konge? 

16. Kva er måleeininga når me seier at liten kuling har vindstyrke på 22–27?

17. Kva norsk forfattar (1873–1942) var såpass raus at Sigurd Hoel skreiv dette: «Hennes samlede verker burde ha en rekke tilleggsbind, bøker der det sto på omslaget: Disse bøkene er blitt til, takket være hjelp i råd og dåd av …» 

18. Kva klimaavtale frå 2015 er det Donald Trump vil trekkje USA ut av for andre gong? 

19. I kva by møter Glomma havet? 

20. Kva isme oppstod som moderne politisk ideologi på 1700-talet med Edmund Burke som førande talsperson? 

21. Kva for to fenomen har fellesomgrepet polarlys?

Svar på spørsmåla:

1. Qatar

2. Runer

3. Holometabol utvikling (Dei tre vert òg kalla høvesvis direkte utvikling, ufullstendig forvandling og fullstendig forvandling.)

4. Kong Harald (den gongen prins Harald)

5. Sørvest

6. Protestantar

7. Tempura

8. 116 117

9. Første verdskrigen

10. Andreplass

11. Bob Dylan

12. Liveigenskap

13. The Sopranos

14. Kolteikningar (Me godtek både kol og teikning.)

15. Spar ess

16. Knop

17. Nini Roll Anker (Han skreiv det i boka Tanker om norsk diktning, utgjeven i 1955.)

18. Parisavtalen

19. Fredrikstad

20. Konservatisme

21. Nordlys og sørlys

  
 
0–4 rette: Fragment av kunnskap

5–9 rette: Liten kuling

10–14 rette: Mange teknikkar på repertoaret

15–19 rette: Såpass raus at Sigurd Hoel kommenterer det

20–21 rette: Royal straight flush