Musikk
Prøvesteinen

Johann Sebastian Bachs (1685–1750) motettar er sjølve prøvesteinen for eit godt kor. Det Norske Solistkor greier prøven godt (ikkje noka overrasking, dei tilhøyrer toppklassen i Europa), med presis ensembleklang og unge, klåre solistrøyster som er ein fryd å lytta til. Men éin ting stussar eg over ved denne innspelinga: Med seg har dei orkesteret Ensemble Allegria. Også dette eit godt ensemble, men sidan dei spelar på moderne instrument, ikkje barokkinstrument, blandar ikkje det instrumentale (særleg oboane) seg alltid godt nok klangleg med det vokale.
I tillegg merkar ein at basstrykarane ikkje formar frasane like naturleg som
songarane, og at artikulasjonen deira fort blir einsarta. I den firstemmige fugen i slutten av Singet dem Herrn ein neues Lied, BWV 225, læt sekstendelsnotane beint fram maskingeværaktige. Kvifor samarbeidde ikkje Det Norske Solistkor med eit barokkorkester, dei som sjølve er så opptekne av og dyktige i det stilistiske?