Historie
Professor i elskhug
For keisar Augustus var kjærleiksdiktaren Ovid så farleg at han blei send i eksil til Svartehavet, der han døydde for to tusen år sidan.

– Han er så levande. Du trur du skal setja deg ned og lesa noko framandt og opphøgd, så merkar du at det er rørande og djupt menneskeleg. Dessutan er der eit vidd verda knapt har sett make til.
Det seier Thea Selliaas Thorsen, fyrsteamanuensis i klassiske fag ved NTNU, om kva som fascinerer henne ved Ovid. I snart 20 år har ho gjendikta poesien til den romerske poeten til norsk, i kronologisk rekkefylgje og metrisk likt den latinske originalens versemål. Fire Ovid-omsetjingar har ho alt bak seg: Heltinnebreva Heroides, der diktaren gjev dei klassiske greske heltemytane ein ny vri ved å skildra dei frå ein kvinneleg synsvinkel; kjærleikseventyra Amores, der Ovid skildrar elskhugen til kjærasten Corinna; Ars amandi, Kunsten å elska, der han utroper seg til «professor i elskhug» og gjev tre leksjonar i kurtise og sex, to til menn og éin til kvinner; og oppføljaren Remedia amoris, Kjærleikskuren, der han kjem med råd om korleis ein kan venja seg av med å elska nokon.
Metamorfosane
I Ovid-året 2017 held Selliaas Thorsen på med diktarens hovudverk, Metamorfosane – eit mystisk epos som utfaldar seg frå byrjinga av verda fram til keisar Augustus, og som på norsk kjem til å utgjera fire hundre boksider rein poesi.
– Med Metamorfosane gav han oss det største reservoaret me har av gresk-romerske mytar. Det er hit ein går for å lesa om kjente soger om Orfeus og Eurydike, Apollon og Dafne, Ikaros, Narkissos og Minotauren. Dei handlar om korleis ting blei som dei blei, ofte menneske som blei til dyr eller planter, om kong Lykaon som blei til ulv, om nymfa Dafne som blei til eit laurbærtre. Og ikkje minst Arakne, som vann mot gudinna Minerva i ein vevekonkurranse – ein vinn ikkje mot ei olympisk gudinne ustraffa, så Arakne blei omskapt til edderkopp. Eg kan ikkje la vera å tenkja på kvar Kafka fekk inspirasjonen til si forteljing Forvandlinga frå 1915, der hovudpersonen Gregor Samsa ein morgon vaknar som eit kjempestort insekt, seier Selliaas Thorsen.
Ætla til diktar
Publius Ovidius Naso blei fødd i 43 f.Kr, året etter drapet på Julius Cæsar, i byen Sulmo (i dag Sulmona) i fjellkjeda Appenninane 15 mil aust for Roma. Tidleg flytta han til hovudstaden for å gå på skule. Han tilhøyrde riddarstanden og skulle gå inn i embetsverket som jurist, ein karriere han berre fylgde halvhjerta. I ei kort tid var han faktisk ansvarleg for avrettingar, men sjølv om han freista å skriva i prosa, blei alt han skreiv i embets medfør til vers. Han gav etter for diktarkallet og blei Romas mest populære kjærleiksdiktar; at det på veggene i Pompeii finst graffiti med Ovid-sitat, vitnar om at ikkje berre samfunnets øvste sjikt sette pris på han.
50 år gamal blei Ovid brått idømd relegatio – ei form for eksil med rett til å leva standsmessig – av keisar Augustus. Han måtte dra til Tomi (i dag Constanta i Romania) ved Svartehavet, der han døydde i 17 e.Kr. Kva nøyaktig det var keisaren straffa han for, er framleis ikkje klart. Det finst teoriar om at han hadde seg med dottera til keisaren, at han såg noko han ikkje burde ha sett, eller at keisaren var fortørna over diktverket Ars amandi, Kunsten å elska. Ovid sjølv nemner «carmen et error» – «dikt og feil» – som grunnen til landlysinga.
Bokrullar
– Var han ein levemann som naut det gode livet i Romas sosietet?
– Playboy-ryktet har festa seg, han valde jo kjærleik som sitt store tema. Men sidan han rakk å skriva over 36.000 verseliner, må han ha arbeidd knallhardt sidan 15-årsalderen. Dette gjer han til den kvantitativt mest produktive poeten me kjenner frå antikken.
– Korleis gjekk skrivinga føre seg? Eg tenkjer jo straks på Asterix, på romarar som høgg i steintavler så steinspruten står.
– Steintavler var det jo mest Augustus som dreiv med, og han hengde dei opp over heile byen. Men Ovid ... Ein kladda vanlegvis på små trerammer med eit vokslag, som ein så rissa i med ein stylus, ein skrivepinne. Etterpå kunne ein glatta ut voksen, så ein kunne nytta tavla på nytt. Bøkene blei publiserte i bokrullar som ein hadde i bokbøtter, og ut av enden på den samanrulla rullen hang ein rød lapp som opplyste om innhaldet i bokrullen. Roma hadde ein fullverdig bokindustri den gongen. Det var plass til kring 800 skriftliner på ein rull, så hjå Ovid utgjer kvar bok kring 800 liner. Metamorfosane, til dømes, er sett saman av 15 «bøker», altså 15 bokrullar.
Den ustyrlege
– Korleis skil Ovid seg frå diktarkollegaane i samtida?
– Dei to andre største diktarane frå same periode, Vergil og Horats, var begge tett knytte til keisar Augustus, den fyrste romerske keisaren. Me tenkjer jo på Augustus som ein som alltid har vore der, men i samtida var både han og keisarembetet noko drastisk nytt for romarane. Både Vergil og Horats døydde før dei rakk å koma i konflikt med keisaren. Lettvint kan ein seia at Vergil og Horats var dei ordentlege, medan Ovid var den ustyrlege som irriterte keisaren.
– Keisar Augustus var verdas mest vellukka diktator, ein utprega kontrollfrik som ville styra samfunnet frå inst til ytst, alt frå reglane for ekteskap og kva klede folk skulle gå med til tida og året. (Han kalla den åttande månaden i året, august, opp etter seg.) Alt skulle handla om han. Ovids forteljingar handlar derimot om alle. Slik sett var konflikten mellom dei ein konflikt om mangfald versus einskap. Dei rivaliserte om kva verda skulle vera. Om me les Augustus’ testamente Res Gestae Divi Augusti (Prestasjonane til den guddommelege Augustus), er det «eg gjorde ditt» og «eg betalte for datt». Det er «eg» heile tida. Ovid fortel ei anna historie om den same tida og staden.
Av guddommeleg ætt
– Var keisar Augustus ottesam for Ovids makt som skald?
– For meg er det opplagt kvifor dei kom på kant med kvarande. Det var eit maktspel som ikkje har med kjærleik eller vanheidra døtrer å gjera. «Eg blei så vidgjeten og populær, det skulle eg jo aldri ha blitt», klagar Ovid frå Svartehav-eksilet sitt, og han kjem med det kjente sitatet om at «den har levd godt, som har levd i løynd». Å leva i løynd var elles noko den vidgjetne Ovid nettopp ikkje gjorde.
– Lat me ta eit døme: Augustus liknar på Ovid ved at dei begge nyttar mytar og forteljingar for å forklara tilhøve i samtida. Augustus nyttar Vergils romerske nasjonalepos Æneiden for å fortelja den einaste historia han vil fortelja, nemleg historia om seg sjølv. Men straks han gjev seg i kast med slikt, til dømes at han hevdar å nedstamma frå Venus, kjem saker i spel. For Augustus er det viktig at Venus er ei olympisk gudinne. Men samstundes er ho gudinna for kjærleik. Då kan Ovid seia: «Eg hyllar jo berre ættemora til keisaren når eg skriv om kjærleik på måten eg gjer!» Eit anna moment er at kjærleiksguden Cupido er veslebroren til Æneas, prinsen av Troja og hovudpersonen i Æneiden, som Augustus hevdar å nedstamma frå. Nok eit argument for Ovid.
– I eit knippe sjokkerande dikt i Amores skriv Ovid om kjærasten Corinna, som har teke abort med det som kan hende var sonen hans. Ho svever mellom liv og død. Han er fortvila og skriv at «ein kan ikkje halda på slik», for «hadde Venus teke abort medan ho var gravid med Æneas, då hadde me jo ikkje hatt noka keisarslekt her i Roma!» Han tek altså fatt i keisar Augustus’ sjølvsnikra slektskapsmytar og trekkjer dei ned på eit nivå som må ha gjort keisaren fortørna. Han syner det absurde ved dei. Slik øver han kritikk mot Augustus, ein kritikk som Augustus på si side ikkje kan kritisera utan samstundes å kritisera seg sjølv.
– For å koma attende til spørsmålet ditt, om keisaren var redd for diktaren: Ovid hadde ikkje politiske maktmiddel, men når keisaren gav seg ut på felt han eigentleg ikkje rådde over, nemleg den litterære og mytiske sfæren, var Ovid han overlegen. Og difor eit trugsmål.
Frå kvinnas synsvinkel
– Om me jamfører med dei antikke diktarkollegaane hans, korleis skildrar Ovid kvinna?
– Han identifiserer seg gjerne med kvinnelege figurar, som det er mange av i verka hans. Kvinnene hans er skrivande menneske, dei tenkjer sjølvstendig av di dei sit inne med røynsler av alle slag. Han er den einaste som skildrar ein kvinneleg orgasme i fyrsteperson eintal, den einaste som skildrar fødslar, og ikkje minst den einaste i heile den antikke litteraturen som skildrar abort. Han tek tak i sider ved kjærleiken som er like brutale som krig, som blod og død. Dette er noko av det som fascinerer meg slik ved Ovid, at han er villig til å gå så langt i å setja seg inn i vilkåra menneska lever under, seier Selliaas Thorsen.
– At det i Pompeii finst graffiti med Ovid-sitat, syner
at ikkje berre samfunnets øvste sjikt sette pris på han.
Thea Selliaas Thorsen, Ovid-gjendiktar og fyrsteamanuensis i klassiske fag ved NTNU.
– Han rakk å skrive over 36.000 verseliner, noko
som gjer han til den kvantitativt mest produk-
tive poeten me kjenner frå antikken.
Thea Selliaas Thorsen