Film
Polert sanning
Gode historier er ikkje nødvendigvis historisk korrekte.

På trettitalet var verda framleis i økonomisk krise. Etter å ha fått sparken som utanrikssekretær reiser Gareth Jones (Norton) til Sovjetunionen på pressevisum for å sjå kvifor det nye regimet strør om seg med pengar. Det han finn, er ei grufull hungersnød som sjølv Pulitzer-prisvinnaren Warren Duranty (Sarsgaard) dekkjer over og held unna det offentlege søkjelyset. Det skal kosta Jones dyrt å vera sanningsvitne.
Heltethriller
Kameraet fer hektisk over dei elegante mennene på Hotel Metropol i Moskva. Forretningsmenn og journalistar menger seg på ein orgiefest halden av New York Times’ utsende mann, Warren Duranty.
For Gareth Jones er det ikkje verst å verta framstilt som ein så heiderleg, reinskoren og filmstjerneflott fyr som det James Norton får til. Assistenten til Duranty, som etter kvart vert Jones’ allierte, Ada (Kirby), er også aldeles usannsynleg pen og god. Så er ho også oppdikta og dermed bokstaveleg tala for god til å vera sann. Til og med dei sveltande borna i Ukraina er nydelege der dei går inntulla i filler på den ukrainske landsbygda.
Hovudproblemet med historiske drama er sjølvsagt når dei gjev seg ut for å fortelja sanninga, men blandar så mykje fakta og fiksjon at ein veit ikkje kva og kven ein skal tru på.
Heilstøypt
Regissør Holland har dei siste åra gjort mykje amerikansk TV, som House of Cards og The Affair, då kan du sjølv sjå for deg heilstøypt, men ikkje dermed sagt nøkternt og nedpå drama. Viss du har dette i bakhovudet og klarar halda fast tanken på kor viktig det Jones faktisk gjorde, var, sjølv om det garantert var mindre elegant enn i Den sorte jord, har du ein gripande og spennande film å sjå fram til. Og tenk om det faktisk var han som inspirerte George Orwell til å skriva Animal Farm!