Musikk
Pinsle og daude

Den som ikkje kjenner Brockespasjonen av Georg Philipp Telemanns (1681–1767), går glipp av noko stort. Eit meir originalt stykke kyrkjemusikk skal du leita lenge etter: Den dramatiske oppbygginga er imponerande stram, den store variasjonen mellom satsane unngår alle daudpunkt, komponisten kjem stadig med overraskande vriar, og han skyr ikkje det å nytta operaens musikalske verkemiddel i framstillinga av Jesu pinsle og daude.
Fram til 2009 fanst det inga verkeleg tilfredsstillande innspeling av pasjonen, heilt til denne – med Akademie für Alte Musik Berlin, RIAS Kammerkor (Tysklands beste kor) og dirigenten René Jacobs – kom ut. Stas er det sjølvsagt at dei to beste røystene på plata er norske: sopranen Birgitte Christensen frå Gildeskål i Nordland og den alltid velartikulerte og intonasjonsmessig lytelause barytonen Johannes Weisser.