Musikk
Pianistisk tour de force
Joachim Carr imponerte med norsk soloprogram i Leipzig.

Det er i år 175 år sidan Edvard Grieg (1843–1907) blei fødd. Det feirar dei i Leipzig, i byen sørvest for Berlin, der Grieg studerte, hadde forleggarane sine og fekk mange av komposisjonane urframførte. I Leipzigs Grieg-museum arrangerer dei i jubileumsåret ei rekkje kammerkonsertar med musikk av Grieg og andre norske komponistar – ofte med norske gjestemusikarar. Konsertrekkja blei opna førre helg med ein av Noregs mest lovande unge pianistar, bergensaren Joachim Carr, som gav eit solid soloprogram på det historiske flygelet i musikksalongen i museet, med mellom anna seks av Geirr Tveitts (1908–1981) Femti folkatonar frao Hardanger og folkemusikkomarbeidingar av Grieg.
Carr spela hardingtonane til Tveitt ganske sivilisert. Eg meiner dei toler å verta framførte temmeleg «beint fram», altså med få avfraseringar og raffinert tøying og bøying i tempoet. Men Carr føretrekkjer altså å gjera dei meir «stovereine», eit kunstnarleg val han gjennomførte med truverde. Meir rustikk var tilnærminga til Griegs Slåtter, op. 72; spesielt i «Gangaren etter Myllarguten» var det så godt driv at det var vanskeleg å la vera å trampa takten. Høgdepunktet var framføringa av Griegs største og tyngste klaverstykke, Ballade, op. 24 – ein pianistisk tour de force som Carr leverte med meisterskap.