¿ Perlande klangbilete

Raffaele La Ragione spelar mandolinmusikk av den virtuose sorten.

Mandolinisten Raffaele La Ragione og hammerpianisten Marco Corsetto.
Mandolinisten Raffaele La Ragione og hammerpianisten Marco Corsetto.

Klassisk

L.v. Beethoven, B. Bortolazzi, J.N. Hummel:

Beethoven and his Contemporaries

Raffaele La Ragione, mandolin; Marco Corsetto, hammarklaver. Arcana 2020

Lytt til artikkelen:

Eit gamalt fotografi syner at Ludwig van Beethoven (1770–1827) hadde ein mandolin hengande over flygelet sitt i Wien. Det kan verka underleg at ein seriøs komponist som han laga lettbeinte og skjemtefulle variasjonsverk for dette instrumentet. Men mandolinen var eit instrument å rekna med i Wien på den tida, både hjå dyktige amatørar og omreisande virtuosar.

Elles laga fleire av dei fremste fiolinbyggjarane mandolinar, noko eg opplevde ved sjølvsyn då eg vitja strykeinstrumentmakarbyen Cremona i Nord-Italia for ei tid tilbake. I instrumentmuseet hadde dei fleire mandolinar av Antonio Stradivari (1644–1737), han som gjerne blir sett på som den beste felemakaren gjennom tidene.

Smeikjer øyro

På albumet Beethoven and his Contemporaries: Music for Brescian Mandolin & Fortepiano demonstrer mandolinisten Raffaele La Ragione korleis Beethoven nytta instrumentet i fire verk for mandolin, akkompagnert av klaver. Me får òg høyra korleis to av hans samtidige handsama det – den eine som mandolinvirtuos, den andre som skolert komponist.

Virtuosen er italienaren Bartolomeo Bortolazzi (1773–1827). Hans Sonata i D-dur, op. 9, syner ein musikant som med songlege tema veit å smeikja øyro og å utnytta dei tekniske moglegheitene til instrumentet. Den skolerte slovakiske komponisten Johann Nepomuk Hummel (1778–1837) er ikkje uventa sterkare på det formale. I Grande sonata i C-dur, op. 37a, lèt han dessutan klaveret, hans eige instrument, dominera.

Edelt einfald

Kva så med Beethoven? I opningssporet Andante con variazioni i D-dur, WoO 44/b, får han i stand «edelt einfald» med sjølv dei enklaste tema, som han utviklar på genialt vis, utan at det eine instrumentet dominerer over det andre. Tolkinga på CD-en kunne ikkje vore betre – samspelet er teknisk «tight», og dei ulike affektane (kjensleuttrykka) er samstemde.

Alle verka blei til i Wien eller Praha kring 1800, og i den velskrivne omslagsteksten forklarer La Ragione korleis han og duopartnaren Marco Corsetto valde instrument til innspelinga. Dei landa på ein mandolin av Cremona-typen, og to ulike hammarklaver frå Wien, som har ein sprøare og lettare klang enn moderne flygel. Det perlande klangbiletet denne kombinasjonen avlar, er eineståande.