Reportasje
Vegen har ingen ende
200 år etter at den norske utvandringa byrja, reiser Hallgeir Opedal og sonen gjennom det norske Amerika for å leite opp ein mystisk slektning.
Denne reisa går gjennom det norske Amerika i ein svart Chevrolet: frå New Jersey, gjennom New York, Pennsylvania, Indiana, Illinois, Wisconsin, Iowa, Minnesota og til den endelause prærien i Sør-Dakota. Det er mange veker og nokre tusen kilometer fram dit.
Foto: Vetle Opedal
Kor pokker er Vetle? Det er ein time sidan eg landa på Newark Liberty International Airport, og avtalen var at han skulle møte meg her.
Vetle er sonen min, den eldste, han er 28 år og kom til USA i går formiddag. Han har overnatta i New York, og no i kveld skulle han ta toget frå Manhattan til flyplassen her i New Jersey. Akkurat kvar vi skulle møtast, vart aldri heilt sagt, det er derfor vi har mobiltelefonar.
Straks flyhjula small i bakken, klokka var vel eit par minutt over sju, sende eg tekstmeldinga: «Landa!» Han svara ikkje på den, noko som korkje uroa eller tirra meg, for eg skulle gjennom immigration, som kan ta ein time–halvannan, og no med den nye presidenten der nede i Washington – skeptisk som han er til innvandring og alt som utanlandsk er – rekna eg med at grensekontrollen ville ta endå lengre tid.
Målet er no å få sett seg i leigebilen så raskt som mogleg, og helst før mørket legg seg som ein svartsekk over austkysten. Det skjer brått på desse breiddegradene, for New York City og omland ligg faktisk like langt sør som Roma.
I kveld skal vi køyre nordover i retning Ontariosjøen, for dei fyrste seks–sju dagane av denne reisa skal vi følgje i fotspora til dei 52 utvandrarane som kom til Nord-Amerika med sluppen «Restauration» i 1825. Det er 200 år sidan, og det har vore mykje merksemd om desse i år. Sjølv planla eg denne reisa for ti år sidan, då eg las Alfred Hauges fire bøker om Cleng Peerson. Eller planla... eg har no tenkt på ho. Og no – endeleg skal eg få sjå plassane der denne underlege, rastlause stifinnaren frå Tysvær førte dei fyrste norske emigrantane, det såkalla sluppefolket. Fyrste? Jo, det budde nordmenn i Amerika før 1825, men Cleng Peerson har no fått tilnamnet far til den norske utvandringa. Det er brei semje om at den organiserte utvandringa frå Noreg til Nord-Amerika starta med han.
Rett nok skulle det gå ti–tjue år før amerikafeberen rasa gjennom norske bygder. Då demninga fyrst brast, utvandra om lag 800.000 nordmenn fram til 1920, nokre meiner opp mot éin million til saman. Tenk det, kvar tredje nordmann reiste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.