Krig
Store statar og små territorium
Russisk salpeter som eksploderte på hamna i Beirut tidleg i august 2020, er eit godt argument mot å importere kunstgjødsel gjennom Odesa i krigstid.
Familie og vener til militære tenestemenn og -kvinner som er sakna i strid, samlar seg på sjølvstendedagen 24. august i hovudstaden i Ukraina, Kyiv.
Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB
Sjølvstendedagen gjekk roleg føre seg i år. Det lovar bra. Det var ingen offentlege festar. Det vart halde fleire offentlege seremoniar, blant dei den tradisjonelle utdelinga av ordenar og medaljar til ukrainske borgarar som særleg har fortent det. Mange bilkortesjar med delegasjonar frå partnarland køyrde gjennom byen.
Det viktigaste var likevel at korkje kvelden før sjølvstendedagen eller på sjølve dagen den 24. august sende Russland granatar mot Kyiv. Så endeleg kunne innbyggjarane i hovudstaden ha ei god natts søvn. Den fredfulle natta i Kyiv kom sjølvsagt av alle dei utanlandske høgtståande gjestene som var komne: Keith Callogh, som leidde den store amerikanske delegasjonen, den kanadiske statsministeren Mark Carney, den tyske visekanslaren og finansministeren Lars Klingbeil og toppleiarsjiktet i Nato.
Slike distingverte besøkande tillét Kyiv å slappe av og sove. Men det må seiast at besøk frå polske, litauiske eller tsjekkiske leiarar snarare hissar opp dei russiske luftstyrkane, slik at dei lèt det regne dronar og missil over den ukrainske hovudstaden. På den måten er dei distingverte gjestene garanterte adrenalinsjokk og nokre minnebilete frå bomberom.
Med denne selektive aggressiviteten freistar Putin, som ser på Ukraina som eit område som høyrer Russland til, og som er utan rett til suverenitet, å fornærme leiarane av dei landa som, slik han ser det, ikkje har nokon rett til å ta del i sams arbeid med å skape fred i Ukraina. Ein slik selektiv bruk av makt ville nok Trump ha godkjent.
Han òg liker å dele land inn i «store atommakter» og «ubetydelege» bitar av territorium som ikkje burde ta del i diskusjonar eller konfliktar med dei «verkelege statane». I motsetnad til Putin ser Trump framleis på Ukraina som ein stat, på grunn av storleiken og landet si evne til å forsvare seg.
I sjølvstendeveka konsentrerte dei ukrainske nyhendesidene seg om politiske og diplomatiske aktivitetar heller enn militære aksjonar ved fronten. Som ein konsekvens av dette auka populariteten til Zelenskyj særleg fordi den ukrainske presidenten, for første gong på 34 år, fekk gratulasjonar frå den kinesiske leiaren. Leiaren for det kinesiske kommunistpartiet gratulerte president Zelenskyj eit par dagar før Putins offisielle besøk i Beijing. Samstundes kunngjorde Xi Jinping at Kina, saman med Russland, no vil endre verdsordninga og gjere henne meir «rettferdig».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.