Svar frå Vestavind


  

Publisert Sist oppdatert

Etter at eg mista mamma, onkel og bestemor på kort tid for nokre år sidan, tok eg fram gitaren og byrja skriva låtar igjen. Eg har halde på med dette i mange år, men litt av og på, og har brukt musikken og låtskrivinga som ein slags terapi for meg sjølv. Og som ein hobby på kveldane i lastebilen.

Eg køyrer langtransport og er vekke alle vekene og mange av helgene i løpet av året. I pausar, på ferjer og om kveldane har eg dratt fram gitaren og skrive låtar. Eg tenkte eg skulle laga nokre demoar for gøy som eg kunne senda inn til eit studio for å få melodi og vokal på, kontra å berre senda inn ein tekst. Men i lastebilen er det avgrensa med moglegheiter. Eg har hatt eit enkelt heimestudio der eg har halde på med FL studio, men eg kunne ikkje dra alt dette med meg i bilen.

Etter kvart som det blei fleire og fleire songar, prøvde eg meg på kunstig intelligens (KI) for å setta saman noko som eg kunne senda. Eg snakka med eit lydstudio, men kostnaden for dei songane eg hadde som utgangspunkt, var estimert til ca. 150.000 kroner. Og særs tidkrevjande, med tanke på kva eg arbeidde med i utgangspunktet. Difor la eg det til sides og tenkte ikkje meir over det. Men så var det sommar og festivalar, og då tenkte eg at eg ville legga ut songane på gøy, så kan ein hygga seg litt med det på countryfestivalen i Seljord. Før Sus og dus la eg ut ein låt som heiter «Cider fra Hardanger».

Ole M. Simonsen

Etter det har det eksplodert. 1,3 millionar avspelingar, 7 songar inne på topp 50 viral, «Ligga» har vore på første plass i snart tre veker. Eg har fått fleire konsert- og festivalførespurnader, og to plateselskap har tatt kontakt. Det er heilt sjukt!

Med ein gong eg forstod at dette skyt fart, kasta eg meg rundt og fekk sett saman eit band. No er me seks stykk som har sett oss eit mål om at alt som ligg ute, etter kvart skal spelast inn i studio. Og at alle framtidige låtar blir spelte inn i studio. Me driv no og øver kvar veke for å kunna booka spelejobbar til neste sommar. Heilt ufatteleg kor fort ting skjer når det først skjer. Eg har fått med flinke musikarar, så det er spennande tider i møte.

Frå KI og gøy til ekte og live. Det er vel kort oppsummert det som skjer no. Det er brukt KI for å laga låten «Ligga», men det tok 200 forskjellige melodiar og vokalar, og redigering av melodiar, for å få han slik han er i dag. Du kan spela inn melodiar på gitar i KI-programmet, nærast nynna melodien og deretter få sett det saman som eit band. Det er heilt utruleg korleis ting har blitt.

Men det kan òg vera ein døropnar for oss som ikkje har så mykje kjennskap til musikkbransjen og ikkje heilt veit korleis ein skal gå fram, men som likevel brenn for musikk, om det er låtskriving eller anna. Så eg er evig takksam for at eg la dette ut for gøy, og at så mange fanga det opp, liker, deler og speler låtane.

Alle tekstane har eg skrive sjølv. Så dei er så ekte som du kan få dei. Nokre melodiar har eg spelt inn i programmet, andre har KI kome med forslag til. Tonar og grep, kva instrument eg vil ha, kva sjanger, har eg valt sjølv. Men det er sett saman av KI og stort sett redigert i programvaren. Ein kan forandre på nokre ting som ein føler ikkje heilt stemmer. Så det er ikkje berre ein knapp og så er alt ferdig. Eg har ein tanke, ein visjon, om korleis det skal bli, så det er ein prosess.

Men det blir ikkje fleire KI-låtar frå oss. No er det studioinnspelingar med bandet og konsertar som skal prioriterast. Det er mange tekstar som ventar på å komma på Spotify. Me gler oss enormt.