Sakprosa
Songar om vonde tider
Av katastrofen blomstra songpoesien i eldre tider. Og spreidde nyhenda om det triste jordelivet til Gud og kvarmann.
Siv Gøril Brandtzæg er professor ved NTNU.
Foto: Thor Nielsen/NTNU
Siv Gøril Brandtzæg fortel frå eit rikt forskingsfelt som først i det siste har vekt granskarinteresse. Ein folkeleg visetradisjon som tar for seg grufulle hendingar, slikt som moderne medium fortel om i dag.
Slike songar fortalde om når elementa hadde komme i ulage og førte veldige ulykker ned over menneska, lenge før avisene kom til landet. Dei melde om kva som hadde skjedd, og at kanskje var det Vårherre som stod bak, fordi han ville straffe dei syndige menneska.
Guds straffedom
Ras, flaum, båtforlis og brannar. Noreg har alltid hatt naturskapte katastrofar. Jord, stein og snø har gjennom tidene velta hus og bygdelag på sjøen, eller skapt flodbølgjer som skylde alt dit. Stormen lét fiskarar bli att på havet. Byar har brent og brent igjen.
Ja, ein meir langsam drapsmann, som frosten som skapte svolten, kunne gje grunnlag for å dikte skillingsviser. Taus kunne han komme, og så fraus kornet, og så vart det borkebrød og svolt. Epidemiar og sjukdommar følgde. Og av slikt oppstod det skillingsviser som vart trykte og spreidde. Og slik kom sorga i verda til å nå mange.
Boka følgjer tematisk kva som slo seg vrangt, jorda, elden, lufta eller vatnet. Brandtzæg siterer visene, fortel om dei ulykkene dei tar utgangspunkt i, samstundes som ho analyserer teksten i visene som litteratur og set ideologien, eller snarare teologien dei er prega av, inn i ein tidsriktig samanheng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.