Litteratur
Nokon kjem til å reise
Jon Fosse skriv i kjend stil, men med ein lysare let.
Jon Fosse lanserer i dag det første bindet i ein ny trilogi.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Det knyter seg sjølvsagt ei enorm spenning til ein ny roman av Jon Fosse, og det er heller ikkje fritt for at ein skarve bokmeldar også kjenner på eit visst press. Eg trøystar meg med at nobelprisvinnaren sjølv verkar som ein nokså «nedpå» fyr, til liks med hovudpersonane i denne siste utgivinga.
Vaim skal vere den første av tre bøker, altså ein ny trilogi. (Frå før har vi jo den kjende og kjære forteljinga om Asle og Alida, bøkene som vart heitande Trilogien.) Tittelen er namnet på plassen der mykje av handlinga skjer.
Avgrensa i tid
Sjølv har eg vel aldri tykt at verken dramatikken eller prosaen til Fosse har vore særleg vanskelege eller tunge å trenge inn i, men tekstane hans har kanskje også blitt stadig meir tilgjengelege for mange. Eller er det motsett, at tekstane har «oppdratt» lesarane? Den originale teiknsettinga og gjentakingane er i alle fall blitt noko ein Fosse-lesar forventar og set pris på. Ein ser at det er slik boka må vere.
Vaim er ei ganske avgrensa historie i tid og personar. Ho er òg spennande, av det slaget ein kjenner trong til å lese i eitt strekk. Historia er fortald med eit sterkt driv og på den velkjende Fosse-måten: Som ein vevnad, eller kanskje som eit stykke musikk, der nye fargar og tema kjem inn, veks til og får dominere ei stund, for så å dempe seg og bli overtatt av nye. Alt saman i éin lang, vakker straum som dannar stadig nye mønster av meining.
Skrømt og skjemt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.