Forsvar
Styrker samarbeidet i vest
Når Forsvaret kjøper inn britiske fregattar, gjer dei si største investering i moderne tid. Men krigen i Ukraina tyder på at fregattar kan bli stadig meir sårbare for dronar.
Den første Type 26-fregatten Noreg no vil kjøpe, ligg i dokk i Glasgow, klar for montering av utstyr. Militærekspertar meiner delar av utstyret, blant anna luftvernet, er for dårleg.
Foto: LPhot Dan Bladen / Det britiske forsvarsdepartementet / NTB
Både Ukraina og Russland har senka fartøy ved hjelp av dronar. I førre veke senka Russland eit ukrainsk skip. Biletet viser ein ukrainsk drone rett før han treffer eit russisk skip, truleg nær Sevastopol.
Ved innseglinga til Nordaustpassasjen, 250 kilometer frå Kirkenes, ligg Severomorsk. Byen er lukka for allmenta, og det av éin grunn: Han er hovudsetet for nordflåten, den strategisk viktigaste delen av den russiske marinen. Arktis er i ferd med å bli stadig viktigare i det globale maktspelet – det syner ikkje minst USAs interesse for Grønland. Men Trump er ikkje åleine om stormaktsambisjonane: No skal den russiske marinen rustast opp.
Det skal det norske Sjøforsvaret òg. Noreg må førebu seg på krig, og i langtidsplanen for forsvarssektoren blir det lagt opp til store investeringar i marinen, mellom anna i form av fem–seks nye fregattar til over 100 milliardar kroner. Det er meir enn det norske samfunnet brukte på heile grunnskulen i 2021.
Men nett kva fregatt norske styresmakter skulle satse på, var lenge uklart. Både USA, Frankrike, Tyskland og Storbritannia konkurrerte om oppdraget med å bygge nye fregattar. Seinast i juni var president Macron på det første franske statsbesøket i Noreg på 41 år. Målet var mellom anna å selje inn det franske alternativet til den norske regjeringa. Dette var òg fregatten som var mest populær mellom fleire norske forsvarsekspertar, blant andre Tor Ivar Strømmen og Ståle Ulriksen. Dei peikte mellom anna på at dei franske skipa har betre luftvern enn dei britiske.
Eit vegval
Likevel fall valet på britane og deira Type 26. Forskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt (Nupi) Karsten Friis meiner det også var andre forhold som spelte inn enn det tekniske utstyret på fregattane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.