Målsak
Folkerøysting om målform i Sjernarøy
Nynorsken er i spel ved Sjernarøy oppvekstsenter.
Sjernarøy oppvekstsenter i Stavanger kommune.
Foto: Stavanger kommune
Måndag avgjer folket kven dei vil skal styre landet dei neste fire åra, men i Sjernarøy i Ryfylke i Rogaland skal innbyggjarane også ta stilling til eit spørsmål med meir langvarige konsekvensar. I valkrinsen som har fostra målmannen og politikaren Berge Furre og forfattarsyskena Alfred Hauge og Kolbjørn Hauge, vert det halde rådgjevande folkerøysting om oppvekstsenteret skal skifta målform frå nynorsk til bokmål.
Det er foreldras arbeidsutval ved Sjernarøy oppvekstsenter som har ønskt ei folkerøysting, og ifølgje lokalavisa Øyposten har arbeidsutvalet gjennomført ei undersøking som syner at nær 90 prosent av foreldra til dei 13 barnehagebarna og dei 31 elevane ved oppvekstsenteret ønskjer bokmål som undervisningsspråk.
Artist og barneskulelærar Hanne Vasshus er blant dei som håpar oppvekstsenteret held fram med nynorsk som hovudmål, men ho har også ei viss forståing for dei som argumenterer for det motsette.
– Det er berre skulen og kyrkja att her som nyttar nynorsk no. Ingen bedrifter i området brukar nynorsk lenger, og det meste anna er på bokmål, så eg skjønar jo dei som synest det er forvirrande, seier ho til Dag og Tid.
Ho legg til at ho uttalar seg som privatperson. Vasshus seier saka har vore polarisert og vanskeleg i lokalsamfunnet, og at resultatet av folkerøystinga verkar heilt ope.
Sjernarøy oppvekstsenteret har elevar frå 1. til 7. trinn og er i dag ein av fem barneskular i Stavanger kommune som har nynorsk som hovudmål, ifølgje Øyposten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.