Forsvar
Noreg på kundelista
Regjeringa får kritikk for valet av fregattar med koplingar til Israel. Men det er langt frå første gongen Noreg kjøper inn israelske militærkomponentar.
Elbit Systems er Israels største våpenprodusent og har levert militærkomponentar til europeiske forsvar, også det norske, i ei årrekke. Her er Elbit-leiar Bezhalel Machlis (midten) på ei synfaring i Hellas hausten 2022.
Foto: Petros Giannakouris / AP / NTB
Fregattkjøpet er den største investeringa det norske forsvaret har gjort i moderne tid. Likevel er det korkje storleiken på investeringa eller valet av Storbritannia som leverandør som har skapt mest debatt, men det faktum at produsenten som skal levere fregattane, nyttar ein israelsk underleverandør til viktige tekniske system.
Selskapet Elbit Systems er Israels største forsvarsverksemd og leverer ammunisjon, dronar og missilsystem til den israelske hæren. Det har dei tent godt på sidan krigsutbrotet i 2023. Tal frå nyhendebyrået Reuters syner at selskapet har auka omsetninga monaleg dei siste to åra.
Koplingane til Elbit har ført til protest frå SV og Raudt, som ikkje vil støtte kjøpet så lenge israelsk forsvarsindustri er involvert. Stortingsrepresentant for Raudt Bjørnar Moxnes peikar òg på at Elbit har vore utestengt frå Oljefondet sidan 2009.
Statsvitar og forskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt Karsten Friis meiner samanlikninga er upresis.
– Oljefondet har mykje strengare etiske regelverk enn regjeringa. Berre sjå på selskapet som lagar dei nye F-35-jagarflya. Også dei er utestengde frå Oljefondet fordi dei medverkar til å lage atomvåpen. Så kan ein sjølvsagt meine at ein bør gjere noko med regelverket her òg, men det er vanskeleg med forsvarsindustrien, der mykje heng saman. Det er enklare å halde seg unna aksjar enn militære komponentar frå Israel, som ofte har koplingar til israelske våpenverksemder eller atomvåpen.
Israel inn bakdøra
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.