Intervju
Annleisvalet 2025
Veljarane rører på seg meir enn før, og det meste er ope og uvisst før stortingsvalet måndag, ifølgje valekspert Johan Giertsen.
Sylvi Listhaug (FrP) og Jonas Gahr Støre (Ap) etter den siste partileiardebatten før stortingsvalet.
Det er nesten vanskeleg å sjå føre seg i dag, men då vi gjekk inn i 2025, peika meiningsmålingane mot klart borgarleg fleirtal. Høgre og Frp kunne endåtil få fleirtal åleine. KrF og MDG låg dessutan an til å hamne under sperregrensa, og Ap hadde fjerde månad på rad med godt under 20 prosent oppslutning, ifølgje gjennomsnittet av målingane for januar.
Johan Giertsen driv nettstaden Poll of polls, som held oversikt over målingane.
– Kor store er endringane vi har sett sidan nyttår jamført med veljarrørsler i tidlegare valår?
– Dei er mykje, mykje større. Gamechangeren var jo at Sp gjekk ut av regjering og Jens Stoltenberg kom inn. Ap låg på eit svært lågt nivå på målingane fram til det. Men i valkampen har det også skjedd to andre store endringar, som er at både KrF og MDG no har målingar over sperregrensa. Det var det få som trudde i starten av august. Dei to partia har sett noko som andre ikkje har sett: MDG med strategien om å be veljarane røyste på dei for å sikre Jonas Gahr Støre som statsminister. Noko slikt trur eg ikkje har skjedd før. Og Dag-Inge Ulstein har funne ein ny politisk veg for KrF.
– Er det eit annleisval?
– Absolutt, og det er så mange usikre faktorar. Tre parti ligg nær sperregrensa. I augneblinken verkar det som det er MDG som har størst pluss mot sperregrensa, men KrF og Venstre ligg også over – dei er på 4 prosent på snittmålingane – så korleis dette går, veit vi fyrst på valnatta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.