Klassisk
Martialsk motett
Berre åtte taktar av éin sats har gjort Marc-Antoine Charpentier vidgjeten.
Den katalanske viola da gamba-spelaren og dirigenten Jordi Savall.
Foto: Toni Peñarroya
Førre veke blei Henrik Ødegaards latinsk-nynorske Te Deum meldt i denne spalta, eit verk som står i ein lang tradisjon med tonesetjingar av denne seinantikke latinske lovsongen dei siste fire hundreåra. Den mest kjende blei laga av Marc-Antoine Charpentier kring 1692, truleg som feiring av slaget ved Steenkerque under den pfalziske arvefylgjekrigen (også kalla niårskrigen). «Solkongen» Ludvig XIVs armé sigra då over ein koalisjonshær leidd av Vilhelm III av England.
I det fanfareaktige orkesterforspelet (spor 1), som skal spelast «lystig og særs krigersk», slår Charpentier an den martialske tonen. Dei fleste vil nok kunna plystra med. Året etter at verket blei gjenoppdaga i 1952, gjorde nemleg Den europeiske kringkastingsunionen byrjinga av satsen til kjenningsmelodi, mellom anna for Eurovision Song Contest.
Den historisk korrekte framføringsmåten som Jordi Savall gjev oss på det nye albumet sitt, skil seg vesentleg frå den me kjenner frå Eurovision. Klangen er lett, rytmane spretne, og mange av satsane svingar som god dansemusikk.
Grand motet
Somme komponistar er blitt allment kjende for berre eitt einskildverk. Men i høve Charpentier er det snakk om berre åtte taktar i éin sats. Denne musikkmeisteren ved slottskapellet Sainte-Chapelle i Paris er likevel verd eit nærare kjennskap. I motsetnad til dei franske komponistkollegaene studerte han i Roma. Dette førte til at han blanda vågale italienske stilelement (dristig harmonikk) inn i den strengt regulerte, litt stive franske musikken.
Charpentier tonesette Te Deum seks gonger. Prektigast er den i D-dur, som er av typen franskmennene kallar grands motets, der to kor og fire solistar blir akkompagnerte av fullt orkester.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.