Kommentar
Kva skal vi med framandspråka?
Stadig færre ungdomsskuleelevar vel å lære framandspråka tysk, fransk og spansk. Kunnskapsdepartementet kan gjere vondt verre.
Ein utryddingstruga art: fransklæraren.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB / Modellklarert
Kvart år samlar Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa (Framandspråksenteret) tal over stoda for framandspråka ved norske skular og universitet. Dei oppdaterte tala kom den 9. januar – og stadfestar at framandspråka (minus engelsk) er i tilbakegang.
Aldri har færre ungdomsskuleelevar valt tysk: 20,7 prosent. Og for første gong er det under 10 prosent som vel fransk. Talet på skular som tilbyr språket, er òg på veg ned. I dag er franskundervisning først og fremst eit byfenomen. Sjølv spansk, som dei siste åra har vore valfaget til nesten 40 prosent av norske elevar, er på veg nedover for første gong på mange år.
Lærarfallet
Grunnen til at alle framandspråka går tilbake, er at stadig fleire elevar vel det såkalla arbeidslivsfaget, der elevane får erfaring med praktisk arbeid. Det er ikkje noko gale med faget i seg sjølv, men Kunnskapsdepartementet har varsla at dei kan kome til å prioritere dette over framandspråk: «Opplæringen i fremmedspråk (tar) både tid og kapasitet fra andre fag elevene har lyst til», heitte det i ei stortingmelding om ungdomsskulen hausten 2024 – og i staden for framandspråk ville departementet vurdere å påby skulane å tilby arbeidslivsfaget i staden.
Problemet er at mindre språkundervisning i ungdomsskulen òg gir dårlegare undervisning på sikt. Dess færre kunnskapar elevar har i framandspråk når dei byrjar på studieførebuande (der framandspråk er obligatorisk), dess dårlegare blir undervisninga der. Det vil få konsekvensar på sikt, også i høgare utdanning og arbeidslivet. På universiteta er mange språkstudium under press. Mindre språkfag – polsk, nederlandsk, portugisisk – er ikkje lenger eigne studieretningar i Noreg.
Men også dei klassiske språkfaga slit tungt: Då Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skulle kartlegge den samla kompetansen blant norske lektor- og lærarstudentar for eit år sidan, fann dei ut at det blei utdanna berre ni lektorar med tysk som integrert del av fagkrinsen i 2023. Talet for fransk var fire. Ingen i spansk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.