Musikk

Kaskade­melding

Luke Temple er ei kreativ flod av musikk. I år er floda særskilt sterk.
  

Skuggen til Luke Temple manglar hovud. Heldigvis gjer ikkje musikken hans det.
Publisert Sist oppdatert

Ein kaskade er eit kunstig vassfall, der vatnet fell trinnvis i relativt stor vassføring. Forma kan kallast eit arkitektonisk spel med vatn, og var sentral i italienske hagar under renessansen. Her vert menneskeleg ingeniørkunst sett i kontakt med dei naturlege elementa, levande vatn som renn, plaskar og skapar lyd, ein melodisk klang. Eller kunstig foss.

Når ein omtalar kaskadar til vanleg, har ein likevel ein tendens til å snakke om det som ei skildring av ei stor mengd av noko. Karrieren til Luke Temple kan passe til begge.

Han starta under eige namn alt i 2005, vart ein del av lydsporet til den TV-sende legeromanen Grey’s Anatomy i 2006, og starta bandet Here We Go Magic i 2009. Etter det har newyorkaren mellom anna skjult seg bak aliaset Art Feynman, før han tok tilbake fødenamnet sitt som artistnamn for nokre år sidan. Då la han òg til bandsuffikset The Cascading Moms. 

Ei kjede av reaksjonar

Kven og kva desse kaskademødrene er, er i seg sjølv ikkje så viktig. Poenget er at om ein seier at ein kaskade er ei kjede av reaksjonar, konklusjonar og hendingar, der verknaden spreier seg i eit mønster, eit handlingsforløp, så er ein inne ved kjernen i korleis Luke Temple tenkjer. 

Han lèt det eine setje i gang det neste, og assosiasjonar, rørsler og forplanting av desse er vel så viktige som kva det fører med seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement