Bok
Hardkokt realisme
Scott Prestons debutroman er ei oppvisning i talent.
Romandebutant Scott Preston har studert filosofi og har ein doktorgrad i skrivekunst frå King’s College i London.
Foto: Aschehoug
Scott Preston er frå Windermere i The Lake District i Cumbria nordvest i England, nær grensa til Skottland. Som tiåring i 2001 opplevde han det katastrofale utbrotet av munn- og klauvsjuke i området som gjorde at alt av husdyr (storfe, sau, geit og gris) blei slakta ned og brent i eit forsøk på å stanse smitten. Sauebøndene blei særleg hardt råka.
Berre eit lam blir symbolsk redda unna for å danne grunnlag for nye saueflokkar.
Dette inntrykket frå barndommen dannar bakgrunn for debutromanen frå 2024, The Borrowed Hills, no på norsk i ein folkeleg og jordnær språkdrakt ved Bjørn Alex Herrman: Lånt jord. Handlinga er sentrert rundt to nabogardar i eit lite lokalsamfunn med to pubar og 40 hus.
Vald og drap
Steve Elliman har farta landet rundt som lastebilsjåfør mens faren har drive garden. Når faren døyr, flyttar han heim utan å drive garden vidare. I staden får han jobb som lausarbeidar hos William Herne på den større nabogarden, og trekantforholdet mellom Steve, William og Helen, kona til William, ulmar gjennom heile romanen og slår ut i ekstrem vald og drap.
Romanen har blitt karakterisert som ein moderne western, okay, og det er mykje som peikar i den retninga: kriminelle bandar, fysisk og verbal råskap, høgt inntak av alkohol og narkotiske stoff, sjølvtekt og tjuveri, slåsskampar, drap på sheriffen eller den lokale lensmannen, heile vegen er det den sterkaste sin rett som gjeld, og det blir ikkje gitt ved dørene; heile romanen er stinn av testosteron og maskulin energi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.