Økonomi

Eit mylder av milliardærar

Til å vere eit egalitært land har Noreg fostra forbløffande mange ekstremt rike menneske.

Publisert Sist oppdatert

I byrjinga av desember kom skattelistene, med dei vanlege medieoppslaga om kjendisar og investorar som har gjort det godt. Og det ser ut til at dei rikaste klarer seg bra. (Som vanleg trona laksearving Gustav Magnar Witzøe på toppen, i år med ein likningsformue på 30 milliardar kroner.)

Men skattelistene fortel berre ein del av soga om rikdom og skilnader i Noreg. Mykje av formuen og inntektene til dei rikaste (og for den del husformuen til folk flest) er ikkje synleg der. Likningsverdien av både eigardelar i selskap og fast eigedom er lågare enn marknadsverdien. Dei store formuane står ikkje på høgrentekonto. Det meste er investert i ulike typar næringsverksemd, der pengane kastar meir av seg.

Ein betre peikepinn for utviklinga i toppen er den årlege rangeringa over dei største norske formuane i bladet Kapital, som òg tek med nordmenn busette i utlandet. Og den tyder på at Noreg har vore eit godt land for kapitalistar dei siste tiåra.

På verdstoppen

Den siste rikinglista til Kapital kom i september i år, og viste at det var 479 norske milliardærar i 2024. Det var 43 fleire enn året før. I den same rangeringa i 2013 var talet 200. Og da Kapital for 40 år sidan laga den første oversikta si over dei rikaste i Noreg, fann dei berre to norske milliardærar.

Desse tala er vel å merke ikkje justerte for inflasjon, og det fordreiar biletet noko. Likevel fortel dei om ein forbløffande rask auke i talet på ekstremt rike menneske i Noreg. Og da melder eit spørsmål seg: Korleis kunne talet på milliardærar auke så raskt i det som skulle vere eit av verdas mest egalitære land, attpåtil med det mange meiner er eit kvelande skattetrykk?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement