Politikk

Den motvillige folkevalde

Ikkje-politikar Irene Ojala er ferdig med fire år på Stortinget. No risikerer ho fire år til.

Kartet over Finnmark er ei påminning om kva og kven Ojala kjempar for. Lakseputa fekk ho etter å ha sikra fleirtal for ein lågare grunnrenteskatt enn regjeringa foreslo.
Publisert Sist oppdatert

Det er sommarstille i stortingssalen når Irene Ojala (64) viser veg til plassen sin. Her har representanten for Pasientfokus, ho som slett ikkje vil vere politikar, votert jamt og trutt og blokkuavhengig i fire år. Stortinget har ikkje imponert eller overvelda ho.

– Det er no ein jobb. Eg har hatt mange jobbar i livet mitt, seier Ojala, som arbeidde ved ein bustad for psykisk utviklingshemma inntil ho vart vald inn frå Finnmark i 2021.

Før dette hadde kontakten hennar med Stortinget vore frå utsida, og ikkje særleg hyggeleg. I 2017 var Ojala blant aktivistane som kjempa for eit fullverdig sjukehus i Alta og ein slutt på dei lange reisene for pasientar og fødande i Noregs største fylke. Dei starta postkortaksjon, reiste telt utanfor Stortinget og hadde 75 møte med stortingspolitikarar på tre år.

– Det var håplaust. Når politikarane kom for å møte oss, snakka dei som drøvtyggarar. Eg reiste heim att og tenkte aldri å setje mine bein på Stortinget igjen, seier Ojala.

Sensasjonen

Ho leier myndig an gjennom korridorane fram til kontoret. I heisen fleipar ho husvarmt med ein av dei faste handverkarane på huset, han seier han har drøymt om ho, og båe ler. På det vesle kontoret står blomar frå ein takksam tilhengar. På veggen heng eit kart over heimfylket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement