¿ På italiensk vis

Italiensk musikk låg så godt for Johann Rosenmüller at jamvel italienarane misunnte han.

Det tyske ensemblet Gli Scarlattisti.
Det tyske ensemblet Gli Scarlattisti.

CD

Johann Rosenmüller:

Geistliche Konzerte

Gli Scarlatti-
sti; dir.: Jochen Arnold.
CPO 2019

Lytt til artikkelen:

Det er ei kjensgjerning at dei fleste musikalske nyvinningane i Europa etter mellomalderen kom frå Italia. Likevel er det slik at fleire italienske musikkformer som blei eksporterte nordover, gjennomgjekk ei foredling der, som i sin tur imponerte italienarane igjen.

Karrieren til Johann Rosenmüller (1619–1684) og komposisjonane hans, som ensemblet Gli Scarlattisti gjev oss på denne plata, tener som døme. Då Rosenmüller i 1640 kom til Leipzig, var det for å studera teologi. Men lynnet hans var meir kunstnarleg enn teologisk. Difor blei han snart hjelpelærar ved Thomasskulen, internatskulen for musikalsk gåverike gutar som var tilknytt Thomaskyrkja, der J.S. Bach åtti år seinare skulle bli kantor.

Frå Italia

Men det var ikkje før Rosenmüller vende tilbake frå ein studietur i Italia nokre år seinare, at karrieren verkeleg skaut fart. Som ein av dei fyrste introduserte han den italienske barokkmusikken på tysk jord, ein stil som braut med den kompliserte tyske polyfonien. Ei av nyvinningane var det såkalla «konserterande prinsippet», som gjekk ut på at ulike stemmegrupper musiserte vekselvis mot og med kvarande – det italienske ordet concerto kjem frå latin concertare, som tyder å «kappast» eller «tevla».

Det er slik italienskinspirert kyrkjemusikk me får på albumet Geistliche Konzerte, der over halvparten av stykka aldri har vore spelte inn på plate før. Dei er henta frå samlinga Kernsprüche («Kjernesentensar»), der Rosenmüller har tonesett sentrale passasjar i Luther-Bibelen med alt frå éin til fem songarar, i tillegg til stryke- og blåseinstrument. Gli Scarlattistis tolking er god. Gjennom varierande besetningsstyrke får dei i stand fin klangleg variasjon – stykke som har éi til tre songstemmer, blir framførte solistisk, altså med éin songar per stemme, medan stykke med fem songstemmer blir sungne med fullt kor (i dette høvet 17 songarar).

Attende til Italia

Det som imponerer mest, er likevel sjølve musikken. Rosenmüller har overteke ein framand stil, som han meistrar fullt ut, samstundes som den heilt eigne kompositoriske røysta hans skin gjennom.

Leipzigarane lét seg òg imponera. Etter at han kom heim frå studieturen i Italia, ville dei nemleg gjera han til Thomas-kantor; då som no var dette ei svært prestisjetung stilling for ein tysk kyrkjemusikar. Men det var før han i 1655 blei skulda for «sodomi på ekte italiensk vis» med Thomasskule-elevane sine, som det står i rettsprotokollen. Hals over hovud flykta han difor attende til Italia, der samtidige kjelder seier at komposisjonstalentet hans vekte så sterk avundsjuke hjå italienske kollegaar «at livet hans stod i fare».