Musikk
Orkestral atterklang
Hjå Kim Kashkashian er det ikkje metronomen, men musikken sjølv som styrer framdrifta.

Kim Kashkashian gjer det tydeleg: Sjølv om ein ikkje er ekspert på gamal musikk, kan ein – om ein eig nok musikalitet – spela barokkmusikken på ein naturleg og overtydande måte. På det nye albumet hennar får me J.S. Bachs Seks suitar for cello solo, BWV 1007–1012, ein drygt to timar lang syklus som komponisten truleg skreiv mellom 1717 og 1723 medan han var kapellmeister ved hoffet til den unge fyrsten av Anhalt-Köthen, fem mil nordvest for Leipzig.
Frå cello til bratsj
Sjølv om suitane er for cello, spelar Kashkashian dei på bratsj, noko som gjer at musikken kling ein oktav høgare enn det som står notert. Klangen blir då som ein mellomting mellom fiolin og cello, med tydeleg kjensle av bass i det låge registeret og klår, syngjande toppmelodi. Om lag som hjå ein god tenorsongar altså – det fungerer framifrå.
Sidan Kashkashian ikkje er ekspert på barokkmusikk, gjer ho ein del små «feil» i høve til det me kallar «historisk informert framføringspraksis», altså det å tolka musikken på ein måte som samsvarar med konvensjonane i tida han blei til i. Eg tenkjer fyrst og fremst på ornamenta, på måten trillane blir spelte på. Likevel er spelet alltid organisk og ektefølt.
Ta til dømes det med pulsen: Kashkashians puls fylgjer ikkje klokka, altså slaga til metronomen; det er pulsen til musikken som styrer framdrifta. Kva tyder dette? Der harmonikken er komplisert, tek ho seg tid, der melodien stig mot eit klimaks i høgt register, sakkar ho ørlite grann av for å førebu dette klimakset, og når melodilina går nedover, aukar ho gradvis tempoet. Det verkar naturleg, like naturleg som at ein ball akselererer om ein slepper han ned ein bakke.
Kime til orkester
Den einskildsatsen som Kashkashian imponerer mest med, er preludiet til Suite nr. 5 i c-moll, BWV 1011, eit forspel Bach har komponert som ein staseleg fransk operaouverture. Måten ho får fram den løynde tostemmigheita på, gjennom å markera kva som er bassline og melodi, gjer at me høyrer atterklang av eit stort orkester i den vesle bratsjen hennar.
Det einaste eg saknar, er den ornamenteringa øvde barokkmuskarar ville kunna tilført satsen. For hadde Kashkashian hatt stilkunnskap nok til å improvisera passande triller, ville preludiet hatt endå meir schwung.