Musikk
Orfeus i underverda
MILANO: Juan Diego Flórez er suveren i Teatro alla Scalas oppsetjing av Glucks Orphée et Euridice.

Dei er ikkje nådige, italienarane. Teatro alla Scalas burgunderraude sceneteppe har nett gått ned, og stjerna denne kvelden, den peruanske tenoren Juan Diego Flórez, har fått sine velfortente bravorop. Men idet dirigenten Michele Mariotti entrar scena, endrar stemninga seg brått – buing og piping kjem frå det elles så elegante publikumet. For ein nordmann som er vand med høfleg applaus sjølv etter den labraste sceneprestasjon, er dette sjokkerande. Kva hadde den arme mannen gjort for å fortena slik handsaming? Greitt, orkesteret var ikkje det beste denne kvelden, men det var ikkje dirigenten skuld i. Uansett: Mariotti er heldigvis òg italienar, og parerte buinga frå salen galant. Med eit nonchalant smil kring munnen bukka han lenge og djupt.
På programmet stod Christoph Willibald Glucks Orphée et Euridice (den franske versjonen frå 1774), eit verk som revolusjonerte operaforma. Kva inneber det? Gluck braut med barokkens strengt stiliserte tragiske opera seria, ein stil som ofte tok meir omsyn til eksponeringsbehovet til songsolistane enn til teksten, og der handlinga som regel var eit uskjøneleg virvar. Det nye ved den klassisistiske stilen hans er at melodiane fylgjer teksten nøye og at handlinga er enkel og naturleg. Og kva tekst fungerer ikkje betre til ein slik «reformopera» enn den antikke soga om songaren Orfeus og nymfa Eurydike, ei historie som tematiserer makta musikk har?
Ulne styrkarar
Det fyrste ein la merke til ved La Scalas oppsetjing, var at orkesteret var på scenen, ikkje nede i orkestergrava framfor han. Motivasjonen verkar klår, operaen handlar jo om musikk; han er ein slags metaopera. Men straks den instrumentale ouverturen sette inn, blei det som viste seg å vera kveldens svakaste punkt, tydeleg: La Scalas orkester spelar overraskande nok ikkje spesielt bra. Romantisk musikk taklar dei vel betre. Men denne typen 1700-talsmusikk, som krev klår strykarklang og kjapp artikulasjon, ligg ikkje for dei. La Scala-strykarane læt ulne, den samla klangen inkonsistent. Sjølv om dirigenten Michele Mariotti gjorde jobben sin og freista å få sving på musikarane, er eg sikker på at eit symfoniorkester som Bergen Filharmoniske Orkester ville spelt Gluck betre.
Nærvær på scena
Det smertefulle utropet «Euridice!» var det fyrste me høyrde frå Juan Diego Flórez, som kledde hovudrolla denne kvelden. I lag med ei gruppe nymfer og gjetarar, dei som song opningskoret med djupe, melodiske hikst i moll, klaga han ved grava til Eurydike, ho som er drepen av ein slange. Oppsetninga gav oss høve til å oppleva heile La Scalas apparat. For ikkje berre orkesteret og det utmerkte koret medverka; berande for førestillinga var òg ballettkompaniet, Corpo di ballo del Teatro alla Scala, som effektfullt kroppsleggjorde alt frå frydefulle nymfer til illsinte furier, dei kvinnelege vonde åndene helten kjempar mot i dødsriket.
Sterkast inntrykk gjorde likevel Flórez i rolla som Orfeus. Frå fyrste sekund synte han intenst nærvær på scena og at han utan problem meistra det uvanleg høge tenorregisteret hjå Gluck. Kjernen i røysta hans er fast, artikulasjonen er tydeleg, men utan at dette går ut over legato-en – evna til å synga einskildnotane i melodifrasane i éin, tett straum. Ein betre Orfeus kan knapt tenkjast.
Frå fyrste sekund synte han intenst nærvær på scena.