Ytingsfridom og makt

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ytringsfridommen er eit gammalt innslag i tankeverda. Tenkjande menneske har alltid brukt ytringar til å målbere tankane sine og trua si.

Både Sokrates og Kristus gjorde det, med fatale konsekvensar for dei begge. Motkreftene, dei etablerte sanningane, var for sterke.

Utover på 1800-talet vart mennesketanken opprusta. Luther sprengde den monolittiske kyrkja og let menneska møte Gud på tomannshand. I staden for éi kyrkje vart det mange, med ulike tankar om Gud og verda.

Tvilen var alltid sett på som ein tankens skadedyr som truga etablert kunnskap. Tvilaren Thomas er ingen helt i evangeliet. Descartes tok tvilen inn i varmen og gjorde han til vaktsjef i tankeverda.

Kant gav mennesket rett til si eiga erkjenning. Den verda kvart menneske levde i, hadde dei sjølv vore med og skapt.

Denne opprustinga og frigjeringa av mennesketanken utløyste store skapande krefter.

Og trygt etablerte institusjonar, som Gud og hans kyrkje, som kongen og hans hus, vart utsette for åtak.

Lovvernet dei hadde mot kritiske og frekke ytringar, vart etter kvart fjerna. Blasfemi og majestetsfornærming var ikkje lenger livsfarleg.

Og i dag? I dag det lov å seie kva som helst om Gud og hans kyrkje, om kongen og hans hus.

Og det blir sagt.

Kamp mellom verdiar er ein maktkamp der makta vinn.

Den frigjorde mennesketanken vann, og han regjerer i det offentlege rommet.

Men det finst eit felt der denne frie mennesketanken møter seig motstand, der skarpe grenser for tankefridommen finst.

Det gjeld rikets tryggleik, forsvarsmakta, å kunne møte trugsmål mot eige rike frå andre makter.

I USA, eit etablert demokrati med grunnlovsfeste menneskerettar, har ikkje soldatar lov å fortelje om grove ugjerningar dei har vore med på ute i verda.

Ytringsfridommen gjeld ikkje her. Frimodige ytringar blir møtte med rett og dom. Krigsmakta og rikets tryggleik legg band på ytingsfridom og ytringsrett.

Under den kaldaste delen av den kalde krigen, på 1950-talet, då trugsmålet frå grannen i aust var sterkt og nærverande, vart det gjennomført omfattande overvaking og meiningsregistrering av folk med avvikande synspunkt på utanrikspolitikk. Politiet dreiv med dette, men også politiske parti og fagrørsle, slik Lundkommisjonen og Ronald Bye kan fortelje. Å kome til orde i media med opposisjonelle synspunkt, var vanskeleg, og opposisjonen måtte lage si eiga avis, Orientering.

Ytringsfridommen hadde dårlege kår i Noreg på 50-talet.

I dag gjev ytringsfridommen rom til å brenne Koranen hos den svenske grannen vår. Koranbrenning er ei ytring, verna av lov. Politiet kan ikkje nekte denne brenninga.

Koranbrenninga vekkjer eit enormt sinne i muslimske land. Ho vekkjer motmakt og sterke reaksjonar.

Det svenske statsorganet som til kvar tid held auge med tryggleiken i Sverige, fastslår at koranbrenninga har auka terrorfaren i Sverige. Sverige er blitt eit farlegare land.

Og då dukkar den klassiske konflikten opp, mellom ytingsfridommen og rikets tryggleik. Og den konflikten bruker rikets tryggleik å vinne. Alle regjeringar vil prioritere rikets tryggleik, spesielt om den utanrikspolitiske situasjonen er spent.

I dag er politikarar i grannelanda våre Sverige og Danmark på leit etter løysingar der dei kan forby koranbrenning utan å bryte etablerte og fundamentale menneskerettar, som ytringsfridommen.

Historisk røynsle tilseier at dei kjem til å greie det.

Og koranbrenninga kjem til å gå inn i historia som ei pinleg episode.