JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Vøling etter vandalisme

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5219
20231208
5219
20231208

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I Dag og Tid den 13. oktober er det prenta eit utdrag or Jan H. Landro si bok: Jon Fosse – enkelt og djupt – om romanane og forteljingane hans. Der kan me mellom anna lesa om Fosse sitt syn på gjeldande nynorskrettskriving (2012-normi): «Mange, mellom dei eg, meiner at ein med norma frå 2012 i mangt godtok altfor mykje frå den samnorske nynorsken, godtaking av tenkja utan j, bølgje utan j, til dømes, er språkleg vandalisme.»

Kj og gj i trykklett staving er eit av sermerkji som skil nynorsk frå bokmål både i skrift og tale.

Framgangen til landsmålet fyrst på 1900-talet gjorde styresmaktene urolege for at Noreg skulle verta tospråkleg. Alt i 1901 sa Gunnar Knudsen i Stortinget at «vort lille folk på 2 mill. har virkelig ikke raad at splitte sig i to sproggrupper.»

Den 20. februar 1909 leverte H. Eitrem, Amund B. Larsen og S. Schjøtt: Utredning av spørsmaalet om et mulig samarbeide mellem landsmaal og riksmaal i retskrivningen til Kyrkjedepartementet, som den 28. oktober året før hadde tinga denne utgreiingi.

Med støtte i den vart j-lause former som menneske, ynske, bekker tekne inn i 1917-rettskrivingi som obligatoriske former. Det galdt nokso mange ord og var eit viktigt steg i arbeidet med å gjera nynorsken meir lik bokmålet.

Knappe 20 år seinare, den 25. april 1936, skreiv Noregs Mållag si rettskrivingsnemnd, der mellom andre Sigurd Kolsrud og Gustav Indrebø sat, merknader til det som skulle verta 1938-rettskrivingi. Om g og k (sk) i trykklett staving skreiv dei mellom anna:

«Men sterkaste grunnen mot dette brigdet er at -ge og -ke (-ske) [i staden for -gje og -kje (-skje), merknad AL] utan tvil vil verka på lese- og segjemåten; «hard» uttale av -g og -k i endestavingar vil breida seg. Lesemåten i bokmålet vil få avgjerande verknad når skrivemåten vert den same. I skular med bokmål til hovudmål vil «hard» uttale straks verta den vanlege. Lesemåten vil so verka på «kateteruttalen». Den røynsla ein har gjort sidan 1917 med vegger og sekker [som høyrer til same ordflokken som bekker, merknad AL] og andre j-lause former peikar avgjort i den leida. Skrivemåten utan j vil sikkert føra til at mjuk g og k taper meir og meir av sitt umråde i målet. Men «mjuk» g og k har vore eit karakteristisk drag i norsk mål. Og i dei ordgruppor det her fyrst og fremst gjeld, er den «mjuke» segjemåten utbreidd i største delen av landet. Ein bør då halda på skrivemåten med j, av di dette er heilt naudsynlegt dersom ein vil verna um den mjuke segjemåten.

Ein bør då òg taka upp til dryfting skrivemåten i ord der j vart stroken i 1917, men der ein berre kann godkjenna segjemåten med mjuk g og k (t. d. hækjen, menneskje).»

Men styresmaktene ville ikkje restaurera menneske, ynske, bekker til menneskje, ynskje, bekkjer. 1938-rettskrivingi strauk tvert om j-en i verbalsubstantiv som tenkjing og leggjing i strid med systemet i nynorsk, jf. Ivar Aasen: Norsk Grammatik § 139, Anm.:

«Navneord på ‘-ing’ have almindeligst kun ‘j’ når Stammeordet har ‘j’ (f. Ex. Søkjing, Rykkjing, Leggjing), men ellers ikke (f. Ex. Baking, Draging).»

2012-normi gjeng vidare og tillèt at verb og linne hokjønnsord som til 31. juli 2012 hadde former med gj eller kj som hovudform, og former utan j som klammeform, kan ha gj og kj eller g og k: å tenka/tenkja; ei brygge/ei bryggje.

Det vert heller ikkje stilt krav om gjennomførd bruk av j i desse ordgruppone i ein tekst, eventuelt det motsette; ein kan blanda. Det er berre krav om konsekvens ord for ord. Dersom ein skriv byggja, må ein òg skriva byggjer, men ein kan i same teksten skriva tenka og tenker.

Dette er normoppløysing. Det er destabilisering sett i system, presentert som valfridom.

Tilnærmingspolitikken var eit språkpolitisk eksperiment som havarerte.

Bokmålet fekk si restaurering i 1981 og 2005, slik at sokalla moderat bokmål no med få undantak fell saman med riksmål.

Men nynorsken har ikkje fenge nokor tilsvarande restaurering.

Staten fører soleis i røyndi ein tofrontskrig mot nynorsken: Manglande jamstilling over lang tid, kombinert med ei norm som påtvingar og opnar for ei glideflukt inn i bokmålet.

Noregs Mållag fører ein viktig kamp for jamstilling, men har samstundes godteke 2012-normi. Men dersom nynorsken, som me strir for jamstilling for, vert oppsmuldra og smuldrar bort medan denne striden gjeng føre seg, so vert striden til fånyttes.

Tenke. Tenking. Sitte. Ligge. Det som var bokmål i går, er nynorsk i dag. Innsikti og kunnskapen til Aasen, Kolsrud og Indrebø ser ut til å vera borte hjå dei leiande krinsane i Noregs Mållag.

Utgjevingi av Nynorsk ordliste – tradisjonell og einskapleg norm, som no òg er tilgjengeleg på www.ordnett.no, er ein freistnad på hindra ei slik oppsmuldring. Ho byggjer i all hovudsak på læreboknormalen som galdt fram til 2012, men former som frå 1917 vart tekne inn i nynorsken med det føremålet å tilnærma nynorsken til bokmål, er i stor grad fjerna. Ordlista godtek òg i-mål innanfor desse råmene, slik dette innlegget er eit døme på.

Eg vonar at åtvaringi frå nobelprisvinnaren Jon Fosse kan få nynorskfolket til å vakna og krevja at òg nynorsken vert vølt etter 100 års vandalisme.

Arvid Langeland er leiar i Nettverket for tydeleg og enkel nynorsk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis