Vinjesenteret

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ottar Grepstad har eit lite innlegg i siste nummer av Dag og Tid.

Han refererer til Dag og Tid-journalisten som hadde møtt nokon som fortalde henne at Vinje-namnet går på kommunen eller grenda Vinje. Og at namnet ikkje er knytt til Aasmund Olavsson Vinje. Det er ikkje å undrast på at han tykte det var underleg.

Eg vil med dette slå fast at dei aller fleste veit kven namnet peikar på.

Me er svært takksame for at Vinje-senteret blei ein realitet. Og me set stor pris på det Nynorsk kultursentrum og Ottar Grepstad har gjort i dette arbeidet. Utan Ottars ukuelege optimisme og gjennomføringsvilje hadde ikkje Vinje-senteret komi.

Eg hadde sjølv ein liten skepsis over namnet. Det høyrdest liksom ut som eit varehusnamn, som Bøsenteret, Telemarksenteret og liknande. Men no er eg heilt nøgd. Namnet er som regel fylgd av ei utfyllande tekst.

Me er stolte over å ha fått denne institusjonen i bygda.

Det var ein framifrå måte å fylle den nedlagde skulen med nytt innhald på. Eg for min del hadde eit innlegg i Vest-Telemark Blad i samband med denne nedlegging og vidare bruk av skulen der eg mellom anna skreiv: Etterbruk av so stor bygningsmasse krev og sitt. – Eit Vinje/Vesaas-senter kunne vori midt i blinken, men då krevst det vilje til å dra det hit.

Og hit kom det, til glede for heile landet.