Vinje før BjørnsonDiktOttar GrepstadHovdebygdaHans Ebbing er i Dag og Tid 26. mai 2017 usikker på om Vinje skreiv diktet «At far min kunne gjera» før

Publisert

Hans Ebbing er i Dag og Tid 26. mai 2017 usikker på om Vinje skreiv diktet «At far min kunne gjera» før Bjørnstjerne Bjørnson skreiv om norrønafolket som ville reise. Same kva svaret er, har han ei tolking klar.

Tvilen kan iallfall fjernast.

Diktet «Fedraminne» trykte Vinje i Dølen 9. februar 1868. Ein månad før var det utgitt som småskriftet «Song ved Festen til Federnes Minne i Studentersamfundet 13de Januar 1868». «Norrønafolket, det vil fare» er ein del av verket «Sigurd Jorsalfar» som Bjørnson gav ut i 1872.

På Vinjeenteret.no publiserer Nynorsk kultursentrum i august «Bibliografi over skrifter av A.O. Vinje». Då blir det tydeleg at Vinje var ein svært aktiv høvesdiktar, oppteken av minnepolitikk og sjølv ein minnepolitikar. Eit av dei litterære uttrykka for det er dei mange songane og talane han skreiv til 17. mai, og alle talane og omtalane hans frå dei årlege festane for fedreminnet som han var med på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement