Natur
Villreinen på Hardangervidda – svar til Oddekalv
Litlos turisthytte, midt i biletet, 3. juli 2015. Både villrein og fotturistar skyr Vestvidda når det er så mykje snø tidleg på sommaren, og slike somrar har det vore mange av dei siste tiåra.
Foto: Reidar Borgstrøm
Den 5. desember hadde leiaren i Norges Miljøvernforbund, Ruben M. Oddekalv, ein kommentar til Hallgeir Opedal sine artiklar i Dag og Tid. I innlegget sitt demonstrerte Oddekalv si ukunne om tilhøva på Vestvidda, både når det gjeld fotturistar og villrein. Han skriv at «Hardangervidda er i praksis blitt et uregulert trafikknutepunkt i friluftslivets navn. Reinen har ikke lenger fristeder. Løypenett krysser trekkrutene som et nett av usynlige barrierer».
Oddekalv har visst hoppa bukk over at ferdselen mellom turisthyttene på Vestvidda har gått ned frå den tida reinen kalva rundt Hårteigen–Veigdalen, på nordvestvidda. Radiomerkte simler viser dessutan at reinen kryssar dei merkte turistløypene, sommar som vinter, så løypene er ingen barrierar. Viktigast av alt er likevel at reinen i mai månad ikkje møter hindringar på vegen mot kalvingsareala i vest, fordi det ikkje er ferdsel i fjellet frå slutten av påsken til turisthyttene opnar att heilt i slutten av juni. Slik var det før, og slik er det no. Det kan med andre ord ikkje vera ferdselen til Litlos og dei andre turisthyttene som hindrar reinen i å kalva i nordvest.
Når det gjeld kalvevektene som Oddekalv påstår går ned, er dei tvert om like høge i dag som på nittitalet då reinen kalva på nordvestvidda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.