Kronikk

Villrein – eit levande kulturminne

Då meir enn 2000 villrein vart skotne i Nordfjella, forsvann meir enn ein dyrebestand – eit levande kulturminne gjekk tapt.

Villrein ved toppen av Gråhøa (1431 moh.) ved Sødorpfjellet i Gudbrandsdalen.
Publisert

«Dei drap vårt eldste kulturminne. No vil me ha det tilbake», skreiv tidlegare redaktør Arve Uglum i ein kommentar i Sogn Avis ei tid tilbake.

Han tok for seg den brutale nedskytinga av villrein i Nordfjella for snart ti år sidan. Skrantesjuke, ein alvorleg sjukdom kjend som CWD, var oppdaga i villreinflokken. Frykt for sjukdommen, manglande kunnskap og behov for rask handling gjorde at over 2300 villrein vart avliva i løpet av få månader.

Nedskytinga har vore mykje debattert, og mange undrar på om det var rett avgjerd. Lokalbefolkninga i området vart òg sterkt prega av nedslaktinga, og mange slit framleis med det som hende.

Det er difor eit stort lokalt engasjement for å få villreinen tilbake til Nordfjella. Men lite har skjedd – fram til no. Nyleg vart nemleg eit planforslag for å få villreinen tilbake overlevert til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Visjonen er at «Nordfjella skal bli Norges beste villreinområde».

Planforslaget har også blitt presentert i ulike folkemøte. No skal Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Mattilsynet vurdere planen og kome med si tilråding. Det er berre å håpe at planen vert godkjend, og at det snarast vert utarbeidd ein tiltaksplan, slik at villreinen igjen kan vende tilbake til Nordfjella.

Forholdet mellom menneske og reinsdyr går langt tilbake i tid. Villreinen har vore viktig for menneskets historie over heile Europa. Etter siste istid var reinsdyr mellom dei første dyra som kom tilbake til området som utgjer dagens Noreg. Arkeologiske funn syner at ein jakta reinsdyr i fjella hos oss for meir enn 11.000 år sidan. Reinsdyr gav kjøt, bein, gevir og skinn – heile dyret vart utnytta.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel