JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Vil ung­domen berge USA?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2434
20210625
2434
20210625

USA

For nokre år sidan tok tre unge konservative amerikanarar – Ryan Costello, Carlos Curbelo og Elise Stefanik – initiativ til å skape eit moderne republikansk parti. Meiningsmålingar hadde vist at unge republikanarar var meir moderate enn eldre når det gjaldt spørsmål som immigrasjon, klimakrise, rasespørsmål og fri tilgang til college.

Curbelo og Stefanik slo seg saman for å kjempe for immigrasjonsreformer, ikkje minst med tanke på unge innvandrarar. Dei nekta å slutte seg til høgresida i partiet, som var mot likestilling med omsyn til ekteskap. Stefanik introduserte dessutan ei lov i 2017 saman med Costello og Curbelo til støtte for kampen mot klimaendringar – faktisk det sterkaste framlegget til kamp mot klimakrise ein nokon gong hadde vore vitne til i det republikanske partiet.

Men dei hadde ikkje rekna med Donald Trump. I 2018 hadde hans sprell fått Costello til å pensjonere seg før tida, og same haust gjekk Curbelo, ein skarp kritikar av Trump, glipp av sjansen til nyval. Andre unge forlét partiet på grunn av trumpismen eller lét vere å stille til val i 2020.

Elise Stefanik er ein av dei få unge i Kongressen som har overlevd, men berre ved å bli ein MAGA-krigar (Make America Great Again). I 2020 tok ho del i Trump-kampanjen og omfamna Trumps konspirasjonsteoriar. Det betalte seg. Etter at Trump-kritikaren Liz Cheney vart vraka som nummer tre i det republikanske hierarkiet, fekk den sleipe Stefanik dette toppvervet og vart den høgast rangerte kvinna mellom republikanarane i Kongressen.

Tidlegare hadde Stefanik sett at det republikanske partiet hadde problem med unge veljarar. Men i dag er ho knytt til den personen som kanskje har gjort mest for å drive unge bort frå partiet og over til demokratane. Trump øydela ikkje berre for nye unge talent i det republikanske partiet, men svekte òg lojaliteten til unge republikanske veljarar. Frå desember 2015 til mars 2017 forlét nesten halvparten av republikanarar under 30 partiet sitt. Mange vende tilbake, men i 2017 hadde nesten ein firedel av unge konservative flykta frå partiet.

Fleire unge amerikanarar brukte røysteretten i 2020 enn i 2016, og 60 prosent av unge røysta på Joe Biden, noko som var nok til å vinne statar som Arizona, Michigan, Pennsylvania og Georgia. Ikkje minst kom støtta frå unge farga veljarar.

Ein kan med god grunn spørje om det er ungdomen som vil berge Amerika i dei komande åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis