Utdanning

Viktig, men ikkje viktig nok?

OSLO 2001026Elever i videregående skole. Lærer underviser i tysk. Tyskundervisning. Skriver på tavlen. Språk.Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTBNB! Modellklarert.
Ein lærar underviser i tysk.
Publisert

Dag og Tid spør i ein kommentar (16. januar) kva vi vil med framandspråka. Det er eit tilbørleg spørsmål i ei tid då vi må gjere alt vi kan for å styrke det internasjonale samarbeidet.

Politikken på feltet er uklar. På ei side ynskjer regjeringa å styrke samarbeidet med viktige europeiske land som Frankrike og Tyskland. Det går ikkje utan gode språkferdigheiter og ein god dose kulturell innsikt.

På den andre sida svekkjer regjeringa gradvis framandspråka si stilling i skulen. Det skjer mest som ein konsekvens av andre prioriteringar. Eit ynske om å gjere skulen meir praktisk og motiverande for elevane har til dømes ført til at framandspråka no står i ein hard konkurranse med arbeidslivsfaget. Og eit ynske om å rydde opp i reglane for opptak til høgare utdanning har ført til at elevane som vel framandspråk som programfag i Vg3, ikkje lenger får tilleggspoeng, altså ein liten konkurransefordel, ved opptak til høgare utdanning. Realfaga får behalde dette fortrinnet.

Konsekvensen av desse endringane er at framandspråka, særleg fransk og tysk, mister elevar, og at skulane reduserer sitt språktilbod. Det er ikkje noko som tyder på at den negative utviklinga vil bli stogga. Utdanningsdirektoratet er i gang med eit omfattande arbeid med fag- og timefordelinga i vidaregåande skule, og det ligg i korta at kravet om framandspråk i studieførebuande program blir redusert til to år. Også denne endringa vil føre til at færre elevar vel framandspråk, og at det blir ein ytterlegare reduksjon i skulane sitt tilbod. Det betyr også at det blir færre potensielle søkjarar med gode framandspråkferdigheiter til universiteta og høgskulane, og då får vi heller ikkje gode språklærarar ut i den andre enden.

Det blir vanskeleg å oppnå måla som er sette i viktige utanrikspolitiske dokument, som Tyskland-strategien og samarbeidsavtalen med Frankrike, og det er behov for ein diskusjon om kva vi vil med framandspråka: styrke dei, eller godta at dei blir bygde ned – med dei konsekvensane det har for vår evne til å samhandle med utlandet.

Gerard Doetjes, leiar for Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement