Vikingtida – berre ei «oppfinning»?VIKINGTIDATORGRIM TITLESTAD STAVANGERVisste vikingane at dei var vikingar?

Publisert

Visste vikingane at dei var vikingar?

Nei, det gjorde dei ikkje. Omgrepet viking er eit uttrykk frå forskarar på 1800-talet. Kvifor bruker vi framleis nemninga likevel? Svaret ligg tilsynelatande i eit sensasjonsoppslag på førstesida i Dag og Tid 25. august 2017. Den profilerte journalisten Jon Hustad proklamerte då at «Vikingar var ikkje noko særmerkt for Norden. Overalt i Europa var vikingar synonymt med piratar.» Hustad viser til den danske historikaren John H. Lind, som Hustad meiner har gjort sensasjonelle funn:

«Granskingane eg gjorde burde alle som skriv om dei såkalla «vikingane», ha gjennomført. Alle har i staden berre sitert dei næraste føregjengarane, truleg av di dei trudde at nokon lenger bak i rekkja hadde avklart det grunnleggjande. Men det har ingen gjort sidan tidleg på 1800-talet, då poetiske skjønånder prega av Romantikkens idear, byrja å oppfatta vikingar som skandinavar utan å kjenna det samla kjeldematerialet.»

Innfallsvinkelen til Hustad avslører kor lettvinte moderne media kan vera, for det han fører fram er ikkje kunnskap, men openbert feilaktig informasjon – «fake news». For det første har vår norske historikar Jørgen Haavardsholm i 2004 tatt sin doktorgrad på dette emnet: «Vikingtiden som 1800-tallskonstruksjon», i 2005 publisert som bok. Det skulle ikkje mykje research frå Hustads side for å oppdaga denne kjennsgjerninga. Dermed framstår Linds påstand som eit kunnskapslaust påfunn.

Men vi kan snøgt sameinast om at vikingane ikkje visste at dei var vikingar. Vi må difor sjå konkret på den konteksten vikingomgrepet spring ut av: Åtaket på klosteret på Lindisfarne, 793. Då oppsto eit prinsipielt nytt fenomen i Nord-Europa og for Skandinavia: «det skandinaviske svaret» på Karl den stores imperialistiske undertrykking av saksarane. Skandinavane/vikingane stadfeste med dette åtaket at dei ville forsvara sivilisasjonen sin, sjølvråderetten sin, imot frankisk okkupasjon med våpen i hand. Ved asymmetrisk krigføring (vikingskipet), det vil seia ulik militærkapasitet, avskrekka dei Karl den store frå å setja inn den mektige hæren sin mot nord. Ein ny epoke var innleia i Europa, som vi i ettertid kan kalla vikingtida. (Det var heller ingen som i byrjinga av den europeiske 30-årskrigen visste at dei var aktørar i trettiårskrigen.)

Det sentrale her er at saksarane (germanske stammer) to gonger berga sjølvstendet til Skandinavia: Første gong i år 9 då dei knuste den romerske hærens framstøyt mot nord ved Teutoborgskogen, andre gongen då dei med store blodtap fåfengt prøvde å stogga frankarhæren (Verden, 782). Men då hadde skandinavane utvikla sitt eige avskrekkingsvåpen og krigsteknikk slik at dei kunne koma eit frankisk åtak imot Skandinavia i forkjøpet (Lindisfarne). Det vil seia at Skandinavia fekk nærare 800 år til å vidareutvikla og forankra sin eigen religion, sitt politiske og juridiske system (tingsystemet), språket sitt og dei kulturelle verdiane sine. Mens Europa elles i stor grad vart latinisert og underkasta romarrikets barbariske tyranni. Skandinavia fekk såleis sine eigne historiske fridomsmentalitetar som vi finn att i sagalitteraturen frå 1100 til 1200-talet. Og som så har levd vidare kontinuerleg til våre dagar. Utan nettopp vikingtida ville verda neppe ha sett sagalitteraturens utvikling til å bli eit kjernepunkt i verdas kulturarv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement