Vi treng skattebetalarar for å redde verda

Publisert

Ifylgje Gase Handeland, marknads- og kommunikasjonssjef i Strømmestiftelsen, i Dag og Tid 27. august, skal vi vere takksame for at stadig fleire rikfolk kringom i verda nyttar pengar dei har tent på å nå FNs bærekraftsmål.

Og eg kan ikkje late vere å tenke, her eg sit i ein utkantkommune med folketalsnedgang, at det er litt som å høyre lokalpolitikarane mine seie at vi må ta imot alle arbeidsplassar vi kan få – så får det heller vere at dei ureinar fjordane våre litt eller drep nokre havørner. Vi lyt begge ta imot det vi kan få, liksom, om enn på eit heilt anna nivå. Eg kan ikkje late vere: Eg syns det er litt trist.

Ja, vi skal utrydde fattigdom. Men skal vi ikkje på vegen ta oss råd og tid til å sjå på årsakene til fattigdom? Skal vi ikkje sjå på korleis desse rikfolka har tent milliardane sine, sjå på om det er nokon der i næringskjeda ein plass som har vorte hindra i å nå sine bærekraftsmål? Når nokon vert rike på at andre vert fattigare, eller haldne like fattige, og dei rike så donerer nokre av pengane sine til andre fattige, har då verda eigentleg gått framover?

Og når – som Handeland trekker fram – land som Tyskland, Storbritannia og Nederland reduserer bistandsmidlane sine, understrekar ikkje det nettopp det eg prøver å seie i kommentaren min her i avisa 13. august: at når fleire private kroner/dollar/euro vert kanaliserte vekk frå det offentlege, brukte utanfor velferdsstatane, så svekkar det høvet desse statane har til å gjere det vi, skattebetalarane, lit på at dei skal gjere – bygge velferd, både innanlands og gjennom bistand, som hjelper oss å nå bærekraftsmål så fort vi berre kan?

Handeland spør om vi ikkje skal vere positive til at nokon vil nytte det dei har tent på «andre ting enn bilar, eiga romferd eller hytte». Det er jo lett å vere for, det, men eg skulle framleis ynskje det var like – ja, eigentleg ein million gongar meir – ærefullt å betale skatt som å starte ei filantropisk stifting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement