Vi treng gåver for å redde verda
Stadig fleire rikfolk kringom i verda nyttar no pengar dei har tent på å nå FN sine bærekraftsmål. Det skal me vere takknemlege for.
I Dag og Tid 13. august er Siri Helle sterkt kritisk til korleis Jeff Bezos nyttar pengane han har tent på Amazon på sjølv å reise ut i verdsrommet. Ho brukar dette som bakgrunn for eit argument om at private sjølvstendige stiftingar som Kavlifondet, Fritt Ord og andre ikkje er dei beste til å fordele pengar til gode føremål.
Vi er ikkje samde med Siri Helle. At enkelte rikingar nyttar pengar på egotrippar i verdsrommet, er ikkje noko argument mot andre stiftingar. Tvert om ser vi at FNs 17 bærekraftsmål har gitt både offentlege styresmakter, politikarar, næringsliv, stiftingar og filantropar eit sams sett av mål for kva verda må gjere fram til 2030.
Som bistandsorganisasjon som kjempar mot fattigdom, ser vi at næringsliv og private filantropiske stiftingar i mange døme er komne lenger enn det offentlege i å rette aktivitetane sine inn på å nå bærekraftsmåla. Dei sameinte nasjonane sine medlemsland har alle vorte einige om særs ambisiøse mål for verda. Og ein av indikatorane for mål nummer 17 seier at ein må mobilisere fleire finansielle ressursar til utviklingslanda frå fleire kjelder.
Og private pengar er ei slik naudsynt kjelde. Det vert no færre offentlege bistandskroner i fleire land. Store land som Storbritannia, Nederland og Tyskland har til dømes gitt færre offentlege kroner til bistand i fjor enn tidlegare. Det trengs mykje pengar til å gi utdanning til alle i verda og skape arbeid for fleire unge i til dømes Afrika, slik at me kan utrydde fattigdom og kjempe mot klimaendringane. Difor er det viktig og riktig at me takkar ja til gåver frå både einskilde privatpersonar med normal inntekt, og frå dei som har tent 100 millionar kroner eller meir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.