JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Vi treng framleis olje og gass

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4630
20230818
4630
20230818

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Energi og klima

Astrid Sverresdotter Dypvik skreiv om naturkatastrofar og klimaendringar i Dag og Tid sist veke. Spalta hennar blir diverre prega av en einsidigskap som er vanleg i dette sakskomplekset.

Det er ikkje tvil om at menneskelege utslepp av ulike gassar, særleg CO2, har bidrege til oppvarming og andre klimaendringar. Ifølgje FNs klimapanel er den menneskeskapte oppvarminga hittil litt over éin grad.

Dypvik skriv om flaumen me har opplevd på Austlandet i august, om flaumen i Slovenia no og om katastrofen i Pakistan i fjor, der 1700 menneske mista livet. Dei menneskelege klimagassutsleppa har bidreg til meir ekstremvêr av ulike slag, mellom anna meir styrtregn.

Skadar på menneske har likevel ikkje gått opp. Tvert om har tala falle, tiår etter tiår. No er det, ifølgje databasen EM-DAT, meir enn 97 prosent færre som døyr av klimarelaterte naturkatastrofar enn det var for 100 år sidan. Til dømes var det ein flaum i Pakistan i 1950 som drap 5000 menneske. Sidan då er folketalet i Pakistan auka seks gonger. Sett på denne måten er naturkatastrofar stadig mindre farlege for menneska.

Dei materielle skadane frå naturkatastrofar har auka dei siste tiåra. Klimaendringar er likevel ikkje hovudgrunnen til det. Grunnen er auka rikdom, med større og meir verdifulle bygg og anlegg som vert øydelagde når uvêret set inn. Når vi samanliknar omfanget av skadane med tal for den samla verdiskapinga i samfunnet, har også dette falle.

Men sjølv om naturkatastrofar er mindre farlege for menneska, gjev det meining å kutte klimagassutsleppa. Dypvik skriv at olje- og energiminister Terje Aasland er «ekstremt lite ansvarleg» når han opnar nye område i Nordsjøen for leiting etter meir olje og gass.

Viss olje og gass berre eller særleg blir brukt til unyttig forbruk, slik som til dømes tobakk gjer, ville det vore uansvarleg å leite etter meir. Då ville det òg vore lett å kutte utsleppa i tråd med klimamåla i Paris-avtalen. Diverre er det ikkje slik.

Gassen blir brukt til livsnødvendig forbruk, som oppvarming av bygg, produksjon av plast og kunstgjødsel og kraftproduksjon. Oljen blir brukt til å sende opp vêrsatellittar som gjev varsel for uvêr. Han blir og brukt som drivstoff for hjullastarar og gravemaskinar, som blir brukte til å byggje hus som toler uvêr, eller demningar og anna flaumvern. Han blir brukt til traktorar og lastebilar, slik at menneske ramma av naturkatastrofar kan få mat og reint vatn. Og framfor alt: Både olje og gass er framleis naudsynt for den økonomiske veksten som er hovudgrunnen til at menneske over heile verda lever stadig tryggare liv, sjølv med meir ekstremvêr.

Sidan bruksområda er så viktige for grunnleggjande velferd, stig olje- og gassprisane monaleg sjølv med små kutt i produksjonen. Vi hugsar alle gass- og straumprisane i fjor haust, etter at russisk gass hadde forsvunne frå den europeiske marknaden.

Dypvik skriv at norske regjeringar rømmer frå løfta om utsleppskutt. Det kan ho ha rett i. Men det er nok meir presist å seie at løfta om utsleppskutt er altfor optimistiske. Noreg og dei fleste vestlege landa har hatt klimapolitikk for å kutte utslepp i fleire tiår. Men utsleppa går berre sakte nedover. Sjølv om vi byggjer ut mykje fornybar energi, er det mange oppgåver desse energiformene ikkje kan gjere enno. Difor er energien frå olje, kol og gass livsviktig også her. Men utsleppa går i det minste ned i Vesten.

I resten av verda gjer dei ikkje det. Dei stig framleis i Kina, som har mykje høgare utslepp enn USA, Japan og Europa til saman, og dei stig i den fattige verda, som har låge utslepp per innbyggjar. Og kven kan klandre dei? Samfunn med mange i energifattigdom prioriterer å gje tilgang til billigast mogleg påliteleg energi til flest mogleg.

Den europeiske energikrisa fekk følgjer andre stader i verda, sidan europeiske land kjøpte gass frå Midtausten. Noko av denne gassen var på veg til land i Sør-Asia, men gass-skipa snudde nordvestover etter at europearar som vi baud meir for gassen enn landa i Asia. Til dømes fall Pakistans bruk av gass med 15 prosent frå 2021 til 2022. Pakistanske styresmakter er nok heilt klår over at bruk av olje, kol og gass bidreg til meir ekstremvêr. Likevel gjenopna dei 62 kolgruver i sumar, og planlegg no å firedoble bruken av kol i straumproduksjonen sin. Dette er eit svar på at den europeiske energikrisa nådde dei i fjor.

Aaslands opning av nye område i Nordsjøen er difor heilt ansvarleg. Det einaste alternativet, å forby meir leiting, gjev fleire energikriser, som særleg rammar fattige land.

Øystein Sjølie er høgskolelektor ved Høgskolen i Innlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis