«Vestlandet» blir rot. Lat namnet bli FJORDANE.FYLKESNAMNANDERS MAGNE ANDERSEN STAVANGERVi deler landet i fire. Vestlandet er den eine landsdelen. Dei fire namna skil landområda og menneska. Namna kan vi ikkje nyttast om anna. Same namnet på fleire ulike o

Publisert

Vi deler landet i fire. Vestlandet er den eine landsdelen. Dei fire namna skil landområda og menneska. Namna kan vi ikkje nyttast om anna. Same namnet på fleire ulike område fører til problem i svært mange samanhengar. Å gjera Vestlandet til namn på det samanslegne fylket av Sogn og Fjordane går ikkje.

Snart skal namnet då tyda det eine, snart det andre. Namnet på landsdelen, som alle i heile landet nyttar, går seint av bruk, kan henda aldri. Namnet vil bli nytta om begge områda. Det fører til at bruken kvar gong må forklarast med eit tillegg: Fylket Vestlandet eller landsdelen Vestlandet. Like fullt: stadige mistydingar og samanblandingar. Å kalla fylket Vestlandet er å laga endelaust rot og kaos. Ja då; det finst to byar i Tyskland som heiter Frankfurt. Sikkert upraktisk på mange vis. Men den eine ligg ikkje inne i den andre. Dette blir heilt anna og mykje verre.

Rett og godt namn er ikkje vanskeleg å finna. Det ligg i dagen. Det nye fylket kan heita Fjordane. Dei to fylka er berre fjordar, store og små. Kvar einaste kommune ligg til fjord; til og med innlandskommunen Voss. Namnet er logisk og praktisk, og lagar klart skilje mot Rogaland og Møre og Romsdal. Fylket skal styrast på nynorsk. Då er det berre rett og rimeleg at dette går fram av namnet.

Fjell og innlandsdalar vert aldri «vik». Ein liten bite av ein bydel i Oslo, Vika, vil dei gjera til namn på eit vidt og svært landområde av flatbygder, dalar og fjell opp til Hallingdal og grensa mot Hardanger. Vik er det ikkje, og vert det ikkje. Geilo i Vika; ja visst. Frogner hadde ikkje vore like gale. Stadnamn i vanleg meining er Vika heller ikkje. Vikar finst det tusenvis av i dette landet; så skal det vera namn på det største og folkerikaste området. I Oslo-vika sat det i vikingtida småkongar som rådde over Opplanda. Dei stod imot rikssamlinga, fortel Snorre. Her har dei så funne eit historisk-romantisk namn på noko som kan bli stort som ein delstat. Anar vi ein draum om region og union og ikkje lenger nasjon?

Og så kjem dei med det unorske (eigenleg svenske) namnet «Viken», det som berre er nytta i dei norsk-danske, eller om ein vil «riksmåls»-omsetjingane av, ja nettopp Snorre. Ingen i Oslo, ikkje ein gong dei mest riksmålske, seier anna enn Vika om den verkelege staden. «Viken» har aldri vore i bruk og vil vera utanfor tid og stad. Ein stad kunne namnet vera «Viken». Det er i Bergen, for der heiter det Sandviken og Solheimsviken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement