Verdikampen
«Diverre sit verken reinen eller laksen på Stortinget. Heller ikkje myra eller edellauvskogen.»
«Vestlandet er ... ja, det er jo fin natur, men først og fremst verdiskaping.» Slik omtrent starta energiminister Terje Aasland opningsinnlegget på konferansen «Kraft i vest» i september.
Opningsreplikken til Aasland sa mykje. Krafttilgangen var føresetnaden for framleis verdiskaping på Vestlandet. Salen var ikkje i tvil: Utbygging var nødvendig for framtidig velferd. Og tok Vestlandet sin del av ansvaret, var potensialet for energi og industri enormt.
Hjå Aasland hadde natur ingen annan verdi enn den økonomiske. Kanskje til nød om han var veldig vakker. Vakker natur kan ein tene pengar på. Og kanskje kan også ein statsråd frå Arbeidarpartiet kjenne eit stikk av sentimentalitet ved synet av omfattande naturøydeleggingar. Kven veit?
Men mange av oss vil seie at naturen også har andre verdiar enn dei reint økonomiske. Vi har dei som er direkte verdifulle for oss menneske: økosystemtenester, effektar for psykisk helse, kulturell tilknyting til landskapet, fridom og livskvalitet i inngrepsfri natur.
Så kan ein trekke det endå vidare. Vi deler naturen med mange ikkje-menneskelege livsformer. Har dei nokon gyldige krav på eksistens i naturen – og har denne nokon verdi? Har reinen på fjellet eller mosen i myra gyldige krav? Eller får dei berre den verdien som vi menneske gir dei? Debatten kring vår siste villrein i Rondane viser at sjølv her sit det langt inne å gjere sjølv svært små offer.
Ikkje-økonomiske verdiar er vanskelege å formidle og enda vanskelegare å kvantifisere. Det er likevel noko vi turnerer i det daglege. På dei fleste juridiske og politiske område er verdiar sentrale og ivaretatt. I økologien, derimot, har vi eit politisk og juridisk underskot.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.