Arkivverket

Verda går framover

Frå lesesalen på Riksarkivet.
Publisert Sist oppdatert

Trond Sirevåg kritiserer i Dag og Tid 3. oktober Arkivverket for ikkje «å meistra vår tids digitale utfordringar».

Eg som riksarkivar er takksam for innspel som kan styrke oss i Arkivverket i den viktige samfunnsgjerninga vår. Men i dette tilfellet treffer ikkje kritikken. Han speglar ikkje arbeidet Arkivverket faktisk gjer i dag, og ikkje verda vi arbeider i.

På 1990- og tidleg 2000-tal var kompleksiteten i dei digitale arkiva vesentleg lågare enn i dag. I dag er det enorme volum og mengder format som skal handsamast. Difor har vi utvikla løysingar slik at det no kan gjerast avleveringar av heilt andre dimensjonar: Vi kan ta imot enorme, samanhengande økosystem av informasjon. 

Slik sett er ikkje tala på avleveringar før og no samanliknbare, og heller ikkje nokon god målestokk på suksess. Det blir litt som å samanlikne det å skulle hente inn ei og ei kasse med hausta eple med å ta imot heile fruktbutikkar, ja, heile kjøpesenter, attpåtil i enkle beteningsløysingar.

Nett av den grunnen er Digitalarkivet i dag heller ikkje samanliknbart med det ein kom i gang med på 1990-talet. I dag er det så mykje meir under panseret på Digitalarkivet, og det må det sjølvsagt vere i 2025.

Når det gjeld Noark, er ikkje kritikken ny, men her rakk neppe Sirevåg å få med seg at vi har lansert ein ny versjon (Noark 5.6.). Frå 2026 kan dei som vil, fylgje standarden, men han er ikkje lenger pålagd. Dei som ynskjer å tenkje nytt og finne nye løysingar for morgondagens dokumentasjonsforvaltning, kan altså gjere det no – så lenge dei fylgjer krava i den nye arkivlova og forskrifta. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement