Arkiv

Meir om status for Arkivverket

Illustrasjon: Copyright (c) 2022 IrShiny / Shutterstock
Publisert Sist oppdatert

John Herstad, riksarkivar 1982–2006, skriv i Dag og Tid 29. august 2025 om demonteringa av Arkivverket som kulturinstitusjon etter 2014. Det er avviklinga av det breie tilbodet av publikumstenester Herstad kritiserer. Men når det no er blitt Arkivverkets politikk å erstatte personleg rettleiing så massivt med nettbasert sjølvbetening, ligg det kanskje også nær å tru at Arkivverket verkeleg har meistra vår tids digitale utfordringar på arkivområdet. 

Svaret må likevel bli negativt – også her. Fester vi blikket på resultata, og ikkje på organisatoriske omstillingar og ein auka ressursinnsats, er det oppsiktsvekkjande kor lite Arkivverket har oppnådd i handteringa av digitalt arkivmateriale etter elleve år med Inga Bolstad som riksarkivar. 

Jamvel arbeidet mot den digitale arkivskapinga i forvaltninga har hatt preg av nedbygging og avvikling.

Då Kulturdepartementet lyste ut ledig stilling som riksarkivar i 2014, la det vekt på at Arkivverket måtte meistre dei digitale utfordringane. Departementet vurderte Arkivverkets status negativt på dette feltet i 2014. Det går også fram av Åsmund Svendsens bok frå 2017: Arkivet. En beretning om det norske riksarkivet 1817–2017 (side 439 og vidare). 

Kulturdepartementets negative vurdering ved dette høvet verkar gåtefull i ettertid. Ho var heller aldri kommunisert. For faktum er at Arkivverket under dei to førre riksarkivarane John Herstad og Ivar Fonnes var ei pionerverksemd i handteringa av digitalt arkivmateriale. 

Også internasjonalt fekk Arkivverket pionerstatus, ikkje minst i samband med Noark-standarden for «records management» i norsk forvaltning. Digitalarkivet blei bygd opp alt på 1990-talet med digitaliserte kyrkjebøker og folketeljingar på nett. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement