Vegen vestover, vegen heimE134Åsulv EdlandOsloHallgeir Opedals vandring heim er interessant lesing. Særleg for ein som sjølv har denne vegen som heimveg. Mange lurar vel på om han kjem heim til Odda. Jau, det gjer han nok, sjølv om det er mange
Nutheim Gjestegiveri ligg inni svingen av E 134, og i denne svingen er det eit kryss, verre kan det ikkje bli.
Foto: Hallgeir Opedal
Hallgeir Opedals vandring heim er interessant lesing. Særleg for ein som sjølv har denne vegen som heimveg. Mange lurar vel på om han kjem heim til Odda. Jau, det gjer han nok, sjølv om det er mange krinkar, dalar og krokar på vegen mellom Drammen og Odda. I Dag og Tid nr. 38 har han kome fram til Nutheim, og her må han gjera eit vanskeleg val.
Nutheim Gjestegiveri ligg inni svingen av E134, og i denne svingen er det eit kryss, verre kan det ikkje bli. Vandraren (og bilisten og syklisten) må velje om han skal fara den nordre vegen gjennom Åmotsdal til Rauland, Arabygdi, Haukeli, Vågsli og Røldal og så beint fram til Odda, eller den søre leia med E134 til Seljord, Morgedal, Høydalsmo, Vinje, Grungedal, Mogane, Grungedal, Tveiten, Edland, Haukeli, Vågsli og så vidare. Det er ikkje lett, dette valet.
Haukelivegen er min barndomsveg. I barndomen stod eg og kameraten Sondre nedmed «Postvegen» og noterte bilnummer, og vi såg bussane koma og gå – Odda-ruta, Haugsund-bussen og dei grå eller sylvfarga bussane til Vest-Telemark Bilag. VTB-bussane hadde reindsdyr på sida, og dei gule Haugesund-bussane hadde måkar i ein blå trekant på sida. Eg kan ikkje minnast om dei raude HSD-bussane frå Odda hadde nokon dyr på sida.
Det er ei forvitneleg og lærerik reise Hallgeir Opedal tek oss med på – til og med for oss som kan vegen ut og inn og kjenner kvar sving og kvar stein så å seia. Mange har fare denne vegen heilt frå dei eldste tider. Det veit eg som har skrive bok om Haukelivegen – vegen vestover. Ein annan vestlending, frå Sauda, Kjartan Fløgstad, har skrive eit dikt der refrenget er «E76 over Haukeli», og han har ei novelle som eg har stole tittelen frå «Vegen vestover». Du er i godt selskap, Hallgeir, og når du kjem fram, kan du gå i A.O. Vinjes litterære fotefar og gje ut boka Ferdaminne frå sumaren 2018. Det har ingen gjort før.
Denne vegen er ein av landets mest trafikkerte. Det fann Vegvesenet i ei trafikkteljing eg var med på i slutten av 50-åra, og det resulterte i heilårsvegen som blei opna i 1968 av samferdselsminister Haakon Kyllingmark. Vegvesenet underslår at dette også er raskaste veg til Bergen. Erna og Co. er forsiktige med å slå fast at dette er hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet frå Bergen til Hardanger, Odda, Haugesund og Stavanger.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.