Var det dette dei kava for?
Bjørn Rune Gjelsten har nettopp kjøpt Værdalsbruket, som utgjer 58 prosent av landområdet til Verdal kommune. For nokre år sidan kjøpte Ola Mæle «halve Namdalen», og selde det så ut til Tyskland for mellom 500 og 550 millionar kroner, ifølgje Finansavisen (9. oktober 2020). Tippar at dette er pengar kommunane der oppe hadde hatt god bruk for.
Faren min var ein av desse småkårsfolka som etter krigen var med på å byggje opp det vi no kallar velferdssamfunnet. Han var sterkt engasjert i samfunnsbygging og var ordførar i to periodar på 60-talet, samtidig som han var gardbrukar. I dagboka til mor kan vi lese om innsatsen hans frå dag til dag. Oftast heldt han på med kontorarbeid, gardsarbeid og møte til seine kvelden og av og til natta med.
Vassforsyning, straumforsyning, kvileheim og skule måtte kjempast fram utover på 50- og 60-talet. Uendeleg mykje tid og mange møte gjekk med til dette.
I 1955 skriv mor at han bad om å få sleppe å bli vald til skulestyremedlem, sidan han hadde ni tillitsverv frå før, men fylkesmannen kunne ikkje gi fritak så lenge heradsstyret ville ha han. Dette var lenge før han blei ordførar.
Kva var drivkrafta hans? Kvifor orka far alt dette? Sjølvsagt handla det først og fremst om å skape eit betre liv for etterkomarane. Far trudde på at det var mogleg å byggje opp eit overordna, fornuftig og rettferdig system som var til beste for alle, og som folk ville vere lojale mot. Eit trygt og sikkert system der individuelle ønske måtte underordne seg fellesskapet sine interesser. Akkurat slik som på garden der alle måtte bidra etter evne, anten det var barn, vaksne, gamle eller sommargjestar.
Far var ikkje så glad i partipolitikk, men når han måtte velje, vart det Senterpartiet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.