Utgifts-Erna?PengarTrygve RefsdalVossJon Hustad skriv i førre utgåve av Dag og Tid at dagens regjering brukar mykje pengar frå Oljefondet, i fjor var der eit uttak på vel 250 milliardar kroner for å balansera statsbudsjettet. Det set sitt preg på landet. E
Jon Hustad skriv i førre utgåve av Dag og Tid at dagens regjering brukar mykje pengar frå Oljefondet, i fjor var der eit uttak på vel 250 milliardar kroner for å balansera statsbudsjettet. Det set sitt preg på landet. Endå tydelegare kjem dette fram om me tek med statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Det gjev ein endå større pengestraum, frå olja og gassen. I dei åra Erna Solberg har vore statsminister, er det i alt tilført nesten 1000 milliardar kroner til den norske staten frå denne kontantstraumen. Dette gjeld skattar og avgifter på utvinninga av olje og gass, utbytte frå Statoil og netto kontantstraum frå SDØE – Statens direkte økonomiske engasjement i sektoren. Tusen milliardar!
Hustad samanliknar dette med det som skjedde i året 2007, då finansminister Kristin Halvorsen leverte eit budsjett med berre 1,4 milliardar kroner i underskot før bruken av pengar frå Oljefondet. Men også ho må vel kallast «Utgifts-Kristin»? Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda var då rekordhøg: I åra 2006–2008 var han på godt over 430 milliardar kroner per år i snitt, medan han var på «berre» 168 milliardar kroner i fjor. Det er vel ikkje berre Erna som kan vassa i pengar? Også Kristin gjorde vel det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.