Utfordringane våre

Statsminister Jonas Gahr Støre då han deltok på årets internasjonale festival for flytande vindturbinar, Floating Wind Days, i Haugesund i slutten av mai.
Statsminister Jonas Gahr Støre då han deltok på årets internasjonale festival for flytande vindturbinar, Floating Wind Days, i Haugesund i slutten av mai.
Publisert

Jon Hustad reiste 23. juni problemstillinga om kvifor det nå vert kjempa for å auka produksjonen av elektrisk energi i Noreg så sterkt. Han nemner planar som kan fordobla forbruket i Noreg. Vi er frå før ein storprodusent og storforbrukar av elektrisitet. Sjølv om det grøne skiftet tilseier at elektrisitet får nye bruksområde, trengst nå kritisk ettertanke.

Kraftkrevjande industri har i Noreg hatt særs gode avtalar som har gitt billegare energi enn mange konkurrentar har tilgang til. At oljesektoren har gitt mange særleg gode tider, er heva over tvil. At slike forhold ikkje er like sjølvsagde lenger, kan gi både politisk kamp og intens lobbyverksemd for å ta vare på privilegium. Striden om lakseskatten kan gi oss ei pedagogisk innføring i kva kamp for å verna om privilegium kan føra til.

Kamp for å bringa fram meir energi, om nødvendig med sterke subsidiar, kan difor forklarast, sjølv om ei nærare undersøking måtte visa at ein slik politikk ikkje trygger velferda i Noreg. Både leverandørindustrien som kan få oppdrag frå havvindsatsing, og kraftslukande industri kan i ein slik kamp ha sterke særinteresser for å underbygga behov for billeg energi, sjølv om det ikkje skulle tena norsk velferd på sikt. Også faglege interesser for å fremma bruk av atomenergi i Noreg tar del i denne kampen. Dette kan nå gi oss grunn til å analysera kva som har gitt velstand for Noreg, og kva som kan ha hindra god ressursutnytting i vår nære historie.

Basert på solid arbeid frå byråkratiet i Oslo har vi utvikla eit styringssystem for oljesektoren bygd på konsesjonsordningar, og eit skattesystem som fører til at grunnrenta, verdien av sjølve oljeresursen, blir fellesskapets verdi. Eit forvaltningsmessig meisterstykke, kalla Statsvitskapleg institutt det. Det har skapt grunnlag for politiske vedtak som har tent oss godt.

Andre erfaringar finst. Då Hydro på Karmøy starta aluminiumsproduksjon, kom elektrisiteten frå Røldal-Suldal Kraft. Kring 1970 var byggekostnadene for anlegget om lag 470 millionar kroner. Det tilsvarar kring 5 milliardar kroner i dag. Det er seinare skjedd utvidingar.

Heimfallsretten som vart innført for vel hundre år sidan, tilsa at kraftverket skulle bli statens eigedom i 2022. Då staten gjennom ei lovendring gjorde det mogeleg for Hydro å omgå denne retten, innebar det ei gåve til Hydro på 5 milliardar eller kanskje meir frå staten. Nå har vi, ikkje uventa, kø av store industriprosjekt som vil ha store energimengder. Fleire vakne industribyggarar kan ynskja billeg kraft.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement